Vil bruke ny paragraf for å tvangsinnlegge ung kvinne som har trua med drap og skuleskyting

Påtalemakta fryktar at den unge kvinna skal skade eller drepe nokon om ho blir sleppt fri. No vil dei bruke ein ny lovtekst for å halde ho tvangsinnlagt i psykiatrien.

Svelgen sentrum i november 2020. Knivdrama.

DRAMATISK: Brannvesenet i Bremanger rykte ut for på pågripe den unge jenta i november i fjor. Den lokale politisjefen kom også raskt til staden.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Tidlegare har politi og påtalemakt nesten berre fått medhald i bruk av tvang i psykiatrien når det har skjedd drap eller alvorlege valdshendingar.

Den nye teksten i paragraf 62 i Straffelova opnar for at det kan idømmast tvungent psykisk helsevern, sjølv om det ikkje på førehand har skjedd alvorlege hendingar.

Dette har i liten grad blitt prøvd for norske domstolar hittil. Men no er det for første gang i Vestland tatt ut tiltale etter den nye lovteksten.

– Det er fordi ein meiner at ho er farleg, seier statsadvokat Benedicte Hordnes til NRK.

Ho peikar på at kvinna i 20-åra har trua mange med kniv på den korte tida ho har vore ute i samfunnet.

– Vi meiner at det er fare for at det kan skje noko meir alvorleg, seier Hordnes.

Dramatisk hending i haust

Kvinna blei sist pågripen etter fleire knivtruslar i Svelgen i Bremanger i november i fjor. Då trua ho blant anna fleire unge gutar og tilsette på det lokale biblioteket.

Bjørn Inge Furseth Vadstein var på veg ut av butikken i Svelgen då han hamna midt i knivangrepet.

– Det kom nokon og spurte om eg kunne hjelpe i det eg kom ut av butikken. Rundt hjørnet står det to personar med ein stol og prøver å få stogga henne, men ho kom seg laus, sa Bjørn Inge Furseth Vadstein den gongen.

Vil prøve ut for retten

Ifølge tiltalen var det i løpet av 2020 ei rekke hendingar der kvinna trua med kniv. Men også tilfelle der ho trua med å skyte alle på ein skule. Denne trusselen la ho inn via ei nettside for unge.

– Ho skreiv vidare at ho beundra jobben Breivik har gjort og at ho vil blir nett som han, står det skrive i tiltalen som no er tatt ut.

Men sjølv om den unge, spebygde kvinna ikkje har klart å gjere alvor ut av dei mange truslane ho har kome med, er påtalemakta tydeleg på at ho ikkje kan bu og leve fritt i eit lokalsamfunn.

– Vi vil no prøve kor alvorleg kravet til brotsverket skal vere for at ein skal kunne idømme tvungent psykisk helsevern, der det ikkje alt har skjedd ei alvorleg hending, seier statsadvokaten.

– Frifinning er alternativet

No blir det opp til Sogn og Fjordane tingrett om påtalemakta får gjennom kravet om at kvinna skal haldast i tvungent psykisk helsevern. Ho er alt rekna som ikkje tilrekneleg.

– Tingretten kan jo ta ei anna avgjerd enn det de i påtalemakta meiner?

– Det kan skje og då er det frifinning som er alternativet.

Forsvarar Lene Knapstad ynskjer ikkje å kommentere tiltalen. Saka kjem opp i Sogn og Fjordane tingrett i mai. Det er sett av tre dagar til saka.