Hopp til innhold

Passkrisa kan gi eit løft for noregsferien

80.000 nordmenn står i kø for å få produsert nytt pass. Det er godt nytt for dei som lever av noregsreiser.

Steinar Bruheim

HEKTISK: Steinar Bruheim og resten av Jostedalen breførarlag har hatt ein hektisk forsesong. – Eg kan ikkje minnast så stor pågang så tidleg, seier han.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det går mot rekordsesong. Einaste flaskehals er mangel på arbeidskraft, seier Steinar Bruheim, dagleg leiar i Jostedalen breførarlag.

Ved Nigardsbreen i Sogn bur Bruheim og kollegaene seg på ein travel sommar.

Sidan i mai har dei dagleg sendt fullbooka grupper på blåisen, og dei har alt vore nøydd til å avvise turistar.

– Hadde vi hatt fleire førarar, så kunne vi hatt fleire med på breen. Spesielt dei som har ynskt privat førar har vi måtte takke nei til, seier Bruheim.

Positive ringverknader

Framover er det ikkje berre tyskarar, nederlendarar og amerikanarar som vil på breen.

Snart byrjar også nordmennene å røre på seg, og dei har det blitt fleire av.

Først kom koronapandemien og «opna norske auge for eige land», og så kom passkrisa.

Per no ventar kring 80.000 søknader om pass på å bli sett i produksjon, opplyser Politidirektoratet.

– I år kan passkrisa bety at fleire vil reise meir i eige land, seier Audun Pettersen, bransjedirektør for reiseliv i Virke.

Leveringstida for pass er no seks veker pluss postgang. Leveringstida for ID-kort er to veker pluss postgang.

Lange passkøar i Noreg kan gi positive ringverknader for reiselivet på Vestlandet, trur Marita Lindvik i Visit Nordfjord.

Fleire vel Noreg

Ei ny undersøking viser at åtte av ti planlegg ein sommarferie år. Nær sju av ti planlegg å feriere i Noreg.

Kristin Krohn Devold på restauranten Anno i Ålesund.

Noreg: – Ein skulle kanskje tru at dei fleste vil dra til utlandet i år sidan ein ikkje har hatt moglegheit til det på veldig lenge, men det er altså ikkje tilfelle, seier Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Det er vesentleg høgare enn før koronapandemien slo inn i 2019. Då svara 58 prosent det same.

Det kan komme av uvisse knytt til pandemi, krigen i Ukraina, auka kostnadar og passtrøbbel, seier Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv.

Ho legg til at det er «godt mogleg vi ser byrjinga på ein varig trend der færre reiser til utlandet og fleire veljar kortreist ferie heime i Noreg».

Inga skam å snu

I førre veke vart utanlandsreisande møtte med bodskapen om at det er «inga skam å snu» på norske flyplassar og jernbanestasjonar.

Kampanjen er signert Den Norske Turistforening (DNT), som vil få fleire «til å tenkje norsk sommar».

DNT-kampanje

KAMPANJE: På norske flyplassar og togstasjonar blir reisande møtt av reklameplakatar med oppmodinga «inga skam å snu». Kampanjen er betalt av DNT for å få fleire til å feriere i Noreg.

Foto: NRK

Vi får også opp plakatar på flyplassen i Alicante, seier Andreas Blaauw-Hval i DNT.

I Luster trur Bruheim at rekorden på 14.000 breturistar i 2016, kan stå for fall.

– I tillegg til auken i internasjonale turisme, som vi truleg vil sjå, så kan effekten av koronapandemien og passkrisa gi oss ein travel sommar med mykje folk, konkluderer han.