Hopp til innhold

Passasjer såg brennande objekt på sjøen

Eit «ukjent brennande objekt» utløyste i føremiddag søk på Frøysjøen i Bremanger.

Passasjeren på ein hurtigbåt såg noko som brann på Frøysjøen utanfor Smørhamn i Bremanger.

SJÅ VIDEO: Passasjeren på ein hurtigbåt såg noko som brann på Frøysjøen utanfor Smørhamn i Bremanger.

Eit redningshelikopter, redningsskøyta «Norsk Tipping» og private båtar deltok i søket etter at ein passasjer på snøggbåten MS «Njord» såg opne flammar kring ei nautisk mil frå land ved Smørhamn.

– Det er ikkje funne fleire ting som gir oss uro for at det har skjedd noko alvorleg. Vi dimiterer no alle ressursar, seier redningsleiar Vincent Roos ved Hovudredningssentralen Sør-Noreg.

Flammar på sjøen

Bakgrunnen for søket er observasjonen Håvard Svoren gjorde ombord på snøggbøten MS «Njord» i 08-tida. Kring ei nautisk mil frå land ved Smørhamn, såg Svoren opne flammar på Frøysjøen.

I frykt for at ein båt kunne ha brent og gått ned, kontakta han Hovudredningssentralen.

Svoren, som har fleire år bak seg i redningsselskapet, deltek også i søket etter fleire ting som kunne knytast til observasjonen.

– Eg tykte det var så rart og merkeleg. Eg fekk det ikkje til å stemme, og eg slår meg ikkje til ro før eg har funne svar, sa Svoren til Fjordenes Tidende.

Kvit fritidsbåt

Oppdrettsfartøyet fann plastbit med brannskade på Frøysjøen.

FUNN: Denne plastbiten med brannskade vart funnen i området.

Foto: Privat

Det er gjort funn av fleire brende plastdelar. I 1030-tida melde oppdrettsfartyet «Ingunn» om funn av ein raud plastbit med brannskade. Dette kan vere ein bensintank.

Hovudredningssentralen fekk også tips ein kvit fritidsbåt som var i området i 0730-tida. Sjølv om søket er avslutta, ynskjer Roos framleis å kome i kontakt med dei som var ombord.

– Det er framleis aktuelt å kome i kontakt med dei for å stadfeste hypotesen om at tinga kjem frå eit bål på land, og for å knyte menneske til hendinga, seier redningsleiaren.

Bål på land?

Roos var tidleg klar på at flammane ikkje nødvendigvis treng tyde på eit havari.

– Det er lite truleg ein båt, men vi kan ikkje utelukke det. Difor ynskjer vi å undersøke, sa Roos.

– Det er avgrensa tidsaspekt her. Det passerte ein båt forbi berre eit kvarter tidlegare, og vedkomande såg då ingenting, la han til.