Hopp til innhold

Påsketradisjonar viser igjen i salstal

Tradisjonane står sterkt i Norge, og når påska nærmar seg skyt salet av både appelsinar og Kvikk Lunsj i vêret. Nokre meiner derimot at begge deler er oppskrytt.

Påskeferie

TRADISJON MED STOR T: Nordmenn er og blir vanedyr. Appelsin-salet aukar enormt i påskevekene, og nordmenn stiller høge krav til appelsinane.

Foto: Erik Johansen / Scanpix/Bama

– Det blir produsert cirka 50 millionar Kvikk Lunsj-plater i året. 40 prosent av desse blir konsumert i påska, fortel Kristian Hvilen.

Han er kommunikasjonssjef i Kraft Foods, selskapet som eig Freia.

Kvikklunsj

JUBILANT: I 2012 er det 75 år sidan Kvikk Lunsj kom i butikkane. I dag er den fast påskeinventar.

Foto: Per Magne Morken, Ringebu

Påska er like om hjørnet, og som så mange andre høgtider er påska ei tid då produsentar i Norge frydar seg. Nordmenn er vanedyr, og tradisjonar er og blir tradisjonar.

Dei er nærmast urokkelege.

– I europeisk samanheng er nordmenn dei klart mest tradisjonsfaste. Om sommaren er det ein enorm topp med jordbær, medan appelsinane har toppen sin i påska. Ingen andre folkegrupper er slik. Vi er heilt ute av kurs med desse toppane!, meiner Hanne Linnert i Bama.

Høgsesong

For appelsina er òg påsketradisjon.

– Importtal for appelsinar bekreftar langt på veg førestellinga om at det å nyte ei saftig appelsin i solveggen er påsketradisjon. Perioden januar til mars er høgsesong for appelsinar, men dei åra påska kjem seint, held importen seg på eit høgt nivå også i april, sa Statistisk sentralbyrå før fjorårets påske.

Linnert i Bama fortel derimot at det er ein klar forskjell no, samanlikna med for 20 år sidan.

– Før starta importen ved juletider, og vara til påske. No er det heilårsimport.

(Saka held fram under bildet.)

Hanne Linnert, informasjonssjef i Bama.

TOPP: Hanne Linnert fortel at Bama sel enormt med appelsinar i påska. Alt i alt 5000 tonn.

Foto: Bama

Per Svein Reed på Snønipa

FJELLGLAD: Per Svein Reed frå Breim i Sogn og Fjordane, er glad i fjellturar. I påska er Snønipa favoritten.

Foto: Privat

– Litt oppskrytt

Appelsin og Kvikk Lunsj, fjellkomboen over alle fjellkomboar i påska. Alle er derimot ikkje einige, og Per Svein Reed er unntaket frå regelen. Han har med seg sjokolade på tur, men ikkje nødvendigvis «tursjokoladen».

– Ein har jo alltids med seg sjokolade, men eg synest Kvikk Lunsjen er oppskrytt, seier Breimningen.

Han er fjellgåar i Sogn og Fjordane gjennom tiår. Turfavoritten i påska, både ski og til fots, er det elska fjellet Snønipa, som ligg på vestsida av Jostedalsbreen.

– Kva med appelsina då?

– Appelsina er òg litt oppskrytt, først og fremst når det er kaldt. Dei er sure og klissete, og skalet sit fast. Nei, takke meg til eit eple eller tre. Det er mykje betre, og ein slepp og fryse på fingrane for å måtte reinske.

– Der er ein del påskemytar eg har eit avslappa forhold til, slår Reed fast.

Mettar

Men sjølv om Reed ikkje går mann av huse, tek både sjokolade- og appelsinsalet av. Bama sel 38.000 tonn appelsinar i året. 5000 tonn blir selt på to påskeveker.

Reknar ein litt på det, blir det 2500 tonn eller 10 millionar appelsinar – per påskeveke, medan det blir «skarve» 660 tonn i vanlege veker.

– Alle appelsinar inneheld fiber, noko som gjer at det mettar. Dermed er appelsina ideel som turproviant. Et du to appelsinar om dagen, får du òg i deg dagsbehovet for C-vitamin, fortel Linnert.

(Saka held fram under bildet.)

Snønipa

VAKKERT: Snønipa er ein favoritt og blant dei flottaste områda ein kan dra på påsketur i, seier Per Svein Reed.

Foto: Per Svein Reed

Fest og nok søvn

Vår fjellvenn på 59 år, Per Svein frå Breim, har derimot ikkje alltid klart seg utan appelsin. Han hugsar godt tilbake i tid, då han var 18–19 år. Då var appelsinar var éin av to følgjevenner på fjelltur.

– Eg hadde vore på fest til langt på natt, og eg sovna ikkje før klokka var fire eller fem på natta. Likevel vakna eg tidleg, og det var ein strålande morgon. Det var snø på Snønipa, og eg vekka ein kamerat av meg for å få han med meg på fjelltur, startar Reed.

Kameraten var sjølvsagt utruleg skeptisk, då klokka berre viste 07.00. Reed fekk derimot overtalt kompisen, som åt ein god frukost før fjellturen, samt at han pakka god niste.

– Eg skippa frukosten, og tok med meg to appelsinar i kvar si lomme. Dei heldt lenge, men då eg kom halvvegs, midt oppe på isbreen, så var det bom flatt batteri.

For Snønipa er ingen tur for pyser. Is og snø og 1827 høgdemeter må forserast.

– Kameraten min som hadde ete frukost og hadde med niste, han kom seg til topps. Eg blei liggjande for å samle krefter fram til han kom tilbake.

– Moralen er at ein må vere utkvilt, ete god frukost og ta med godt med niste. To appelsinar held ikkje, slår Reed fast.

– Det var vel kanskje for lite søvn som spelte mest inn i denne historia?

– Når ein har dansa og festa heile natta, så har ein nok ikkje dei beste føresetnaden for å gå på fjell nokre timar seinare. Ein må vere godt budd, seier Reed, som fortel at Fjellvettreglar er noko han byrja med etter kvart som han blei eldre.

(Saka held fram under bildet.)

Smører fjeset

LOTION EMOTION: Startskotet for solkrem, hudkrem og hudkrem med solkrem i skjer i påska.

Foto: Illustrasjon: Colourbox.com

Vaselin og spenefeitt

– Fjell og ski har vore ein del av barneoppdragelsen, og det er fast inventar i påska. Det er heilt klart ein stor del av livet. Men i min pure ungdom var eg vel heller hovmodig og kjepphøg, og tok ikkje fjellvettreglane på alvor, fortel Reed.

Påska er òg startskotet for produkt knytt til det store gulet ovanfor oss – sola. Solbriller og solkrem.

– Ei tydeleg auke i import av hudkrem og solkrem tyder på at påska er den første perioden av året vi tenkjer på å beskytte huda. I perioden januar til mars blir òg importert rundt 1,5 millionar par solbriller, sa SSB før 2011-påska.

– Slik var det ikkje i gamle dagar. Då var det vaselin og spenefeitt. Det fungerte stikk motsett av slik det skulle. Vaselin er ikkje akkurat det som hindrar sola best frå å brenne, men slik var det, humrar Reed.

Han meiner derimot at folk er nesten like teite i dag.

– Folk hiv av seg så fort dei er ute på påsketur. Sval bris, brennande sol og hud som ikkje har sett sola på eit halvt år. Det går ikkje bra.

Den gode påska?

Men å bli solbrent er vel òg ein slags tradisjon?

For påska er og blir eit samansurium av tradisjonar. Det er kristne tradisjonar, det er tradisjonar frå gresk mytologi, tradisjonar frå Sveits, Tyskland og frå Middelalderen, og ikkje minst gode norske tradisjonar.

Påskekrim er for eksempel ein norsk tradisjon, som andre land har teke etter oss. Påskeharen, påskemalte egg, appelsin, fjellturar og sjokolade. Alle tradisjonar som har slått seg saman i éi stor feiring.

– Eg kan for så vidt ete både appelsin og Kvikk Lunsj, men alle desse tradisjonane er ikkje noko must for å kome seg gjennom påska. Men vi er vanedyr, og let oss påverke av media, meiner Per Svein Reed.

På fjellet skal han derimot. Då er det mange ting som må hugsast på.

– Ein god fjelltur føreset at det er bra vêr, at eg har gode ski som sit i motbakkane, og ikkje minst godt selskap. I sekken har eg ein nistepakke, godt med drikke og litt frukt, avsluttar Reed, før han vil ønskje folk ei god påske.

Per Svein Reed på fjellet 2

INGEN TRADISJONSMANN: Per Svein Reed (t.h.) er glad i fjellet, men klarer seg fint utan påsketradisjonane. Appelsin og Kvikk Lunsj synest han er oppskrytt.

Foto: Privat