«Dei må sjekke referansar og system betre»

Den danske vikarlegen som fekk sparken frå Nordjord legevakt fordi han var rusa på jobb, har fem gonger tidlegare fått krass kritikk frå danske helsestyresmakter.

Lisa Førde Refsnes

KRITISK: Pasientombod Lisa Førde Refsnes er kritisk til kontrollane Nordfjord legevakt gjorde før dei tilsette den danske vikarlegen, som fekk sparken fordi han var rusa på jobb. Dei ansvarlege ved legevakta visste ikkje om fem tidlegare tilfelle av krass kritikk mot legen, sjølv om dette var offentleg tilgjengeleg.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Dei ansvarlege ved Nordfjord legevakt vedgår at dei ikkje visste noko om dette då dei tilsette legen i januar i år. Pasientombod Lisa Førde Refsnes er kritisk til Nordfjord legevakt.

– Dei må sjekke referansar, dei må stille spørsmål ved hol i CV-ar, dei må sjekke dokument, og dei må sjekke i systema for å utelukke folk som ikkje er kvalifiserte til jobben, seier Refsnes.

Tidlegare har også fylkeslege Per Stensland kome med tilsvarande kritikk.

Feiloperasjonar og feilbehandling

Det var i tidsrommet frå desember 2007 til mai 2013 at den danske legen gjorde så mange alvorlege feil at han fleire gonger fekk kritikk frå danske helsestyresmakter. Dette fortel assisterande fylkeslege Jakob Andersen.

– I vår sakshandsaming har vi slått opp namnet hans i offentleg tilgjengelege register i Danmark. Han har om lag fem klager der han har fått kritikk i Danmark, seier Andersen.

Kritikken går mellom anna på feiloperasjon av fingrar, feilbehandling i samband med armbrot, bruk av feil skrue i samband med operasjon i ankel og manglande journalføring.

– Ingen kommentar

I januar i år fekk legen sparken frå Nordfjord legevakt etter at han var rusa på jobb.

Kommunalsjef Rune Engeseth i Eid, som er ansvarleg for legevakta, vedgår at dei ikkje visste noko om den krasse kritikken den danske legen har fått tidlegare. Ut over dette ønskjer han ikkje å kommentere saka.

Dei som tilset legar bør kontrollere referansane deira skikkeleg, seier Førde Refsnes.

– Ein må sikre at personar som kan vere uskikka til å jobbe ikkje får lov til å jobbe. Omsynet til pasientar og pasienttryggleiken må stå i høgsetet og gå først.

Heller ikkje den danske legen, som mellombels ikkje har lov å jobbe som lege i Noreg, ønskjer å kommentere saka.