Pasientombod: – Forstår at ein gjer feil ein gong, men ikkje to gonger

Ein utanlandsk vikarlege jobba ei veke på Førde sentralsjukehus før han blei testa og fekk påvist MRSA. Helse Førde burde lært av feilen ved Nordfjord sjukehus, meiner pasientombod.

Gunhild Solberg

KRITISK: Pasient- og brukarombod Gunhild Solberg meiner Helse Førde burde ha lært etter feilen frå Nordfjord sjukehus.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

I helga fekk ein aust-europeisk legevikar påvist MRSA-smitte etter han hadde vore i jobb på Førde sentralsjukehus i ei veke.

39 pasientar må no bli testa for bakterien.

Dette skjedde trass i at det er heimla i lovverket at utanlandske helsevikarar skal bli testa for MRSA før dei startar i jobb ved norske sjukehus.

– Ein alvorleg rutinesvikt

Fungerande pasient- og brukarombod Gunhild Solberg i Sogn og Fjordane og Hordaland, reagerer sterkt på at legen ikkje blei testa.

– Dette er veldig alvorleg rutinesvikt. Denne bakterien ønskjer vi ikkje på norske sjukehus. Helse Førde må verkeleg skjerpe rutinane og sørge for at dette ikkje skjer igjen, seier Solberg.

Pasientombodet ber Helse Førde om å finne ut kvar det har svikta.

– Eg forstår at folk har mista tilliten til føretaket. For eg kan forstå at ein gjer feil ein gong, men ikkje to gonger, seier ho.

Sentralsjukehuset i Førde.

MRSA: Ein aust-europeisk legevikar fekk påvist MRSA-smitte etter han hadde vore i jobb på Førde sentralsjukehus i ei veke. 39 pasientar må no bli testa for bakterien.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Skal forbetre rutinane

Avdelingssjef ved medisinsk avdeling i Helse Førde, Laila Haugland, seier seg samd i at dei har hatt ein alvorleg rutinesvikt, som ho lovar at føretaket skal ordne opp i.

– Ved å følgje opp alle dei som har vore i kontakt med overlegen, men også ved å gjennomgå og forbetre rutinane våre, seier Haugland.

– Slepphendt

Helse Førde har no hatt to, alvorlege rutinesvikt på få veker.

I slutten av juni fekk ein svensk vikarlege påvist Covid-19 ved Nordfjord sjukehus. Legen hadde fått fritak frå karantene, og starta rett i jobb.

Pasientombodet seier det er urovekkande at Helse Førde har vore slepphendt med testing to gonger på kort tid.

Ho understrekar at føretaket skal ha rutinar som sikrar at legar ikkje smittar pasientar.

– Vi har hatt heilt sidan mars til å førebu skjerpa rutinar for utanlandske helsevikarar som skal jobbe med sårbare pasientar i sommar, seier Solberg.

Strenge korona-restriksjonar på Nordfjord sjukehus.

PÅVIST COVID-19: Ein svensk vikarlege fekk påvist Covid-19 ved Nordfjord sjukehus i slutten av juni. Legen hadde fått fritak frå karantene, og starta rett i jobb.

Foto: Raymond Lidal / NRK

To forskjellige tilfelle

Haugland seier dei to tilfella var forskjellige, men innrømmer at dei har gjort ein feil i samband med MRSA-testinga.

– I den første saka følgde vi gjeldande retningslinjer. Men vi har sagt at vi i etterpåklokskapens lys ser at vi burde handla annleis.

– I den siste saka har det blitt gjort ein feil og vi kan ikkje gjere anna enn å beklage og syte for at ein slik feil ikkje skjer igjen, seier avdelingsleiaren.

Belastande for pasientar

Under veka den MRSA-smitta legen jobba på Førde sentralsjukehus, var han i kontakt med pasientar på medisinsk avdeling.

Solberg seier det kan vere ekstra belastande for sårbare pasientar å bli utsett for slik smittefare.

– Pasientar som er innlagt er i risiko, og då bør dei ikkje bli utsett for legar som kan smitte dei. Eg skjønar om dei blir uroa og utrygge. Sjukehuset skal vere ein trygg plass å vere.