Hopp til innhold

Stort tal pasientar ved legesenter i Voss må i karantene

Alle pasientar som har vore innom Vossamed legesenter i Voss måndag, tysdag og onsdag må i karantene.

Voss sentrum

OMFATTANDE TILTAK: Mange pasientar som har vore innom Vossamed legesenter i førre veke, må no i karantene.

Foto: Turid Rogne / NRK

Bakgrunnen er tre nye tilfelle som har kopling til legesenteret. Blant dei tre er det både tilsette og pasientar.

Voss herad sende ut pressemelding i dag, der dei no varsla omfattande smittetiltak overfor pasientar i kommunen.

– Det er eit stort tal nærkontaktar som må kontaktast i løpet av dagen i dag og i morgon. Det er såpass mange at smittesporingsteamet i kommunen ikkje har full oversikt i ettermiddag. seier stabssjef innbyggarservice, Tor Halvorsen.

– Difor ber vi om at alle som har vore innom legekontoret måndag, tysdag, onsdag i førre veke går i karantene fram til vi har fått ringt til alle som har blitt definert som nærkontakt. Det betyr ikkje at alle som har vore innom kontoret er nærkontaktar, men det får vi ikkje avklart før vi har prata med den enkelte, seier Halvorsen.

Omfattande arbeid

Dette medfører at eit stort tal nærkontaktar må fylgjast opp, og det vil ta noko tid for smittesporingsteamet å koma i kontakt med alle.

Voss herad ber difor alle som har vore inne hjå Vossamed legesenter måndag, tysdag eller onsdag denne veka, altså 9., 10. eller 11. november, gå i karantene, fram til smittesporingsteamet har fått kontakt med alle som er definerte nærkontaktar.

Dei som ikkje er kontakta innan måndag kl. 16 er ikkje definert som nærkontaktar, og kan då gå ut av karantene og oppføra seg som vanleg.

Det er berre dei som har vore innom legekontoret som skal vera i karantene, familiemedlemar er ikkje definert som nærkontaktar.

Halvorsen seier han enno ikkje har oversikt over kor mange pasientar dette vil råke. I utgangspunktet blir det teke utgangspunkt i pasientlister ved legekontoret.