Minstepensjonist Jorunn har ikkje råd til taxi – avlyser turen til psykologtime

BJØRNAFJORDEN (NRK): Frå måndag må pasientar i fleire distriktskommunar sjølve betale drosjeturen til sjukehuset. Men Jorunn Vadlid Svellingen har ikkje råd til å legga ut.

Jorunn Vadlid Svellingen mistar pasienttransport i Fusa

FORTVILER: Jorunn Vadlid Svellingen (70) er avhengig av å få dekka reiser til lege og psykolog.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Eg ser svart på dette her, altså, seier Jorunn Vadlid Svellingen (70).

Tolv kommunar i Vestland står frå måndag av utan avtalar om pasienttransport med Helse Bergen.

Årsaka er at helseføretaket ikkje har klart å bli einige med drosjeselskapa om å fornya avtalar.

Det betyr at pasientane sjølve må legge ut for drosjeturen til sjukehuset.

Jorunn Vadlid Svellingen mister pasienttransporten i gamle Fusa kommune

MINSTEPENSJONIST: Jorunn Vadlid Svellingen får god hjelp hjå psykologen. I dag har ho mellom 2600 og 2700 kroner på konto, hevdar ho. – Kva skulle eg ha levd av til neste utbetaling om eg reiste til Bergen på måndag?

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Vil ikkje køyre utan betaling

Drosjesentralen i Fusa har køyrd pasientar til lege og sjukehus i 20 år, men frå måndag av er det slutt.

– Alle vi som jobbar i Fusa Taxi har veldig vondt av alle desse pasientane, seier dagleg leiar Cathrine Valestrand.

Denne veka prøvde ho å få i gang nye møte med Helse Bergen, men fekk avslag.

Usemja står no om såkalla hente-kilometer, det vil seie kor mange kilometer drosjane skal køyre gratis for å hente pasientar.

– Vi kan risikere å køyre i 15–20 minutt av ein time utan å få betalt. Då jobbar vi jo gratis i den tida. Det er det ikkje så mange andre som vil gjere, heller.

Kort fortalt handlar striden om at Pasientreiser vil få ned kostnadene. Dagens kontraktar i distrikta er for dyre. Men distriktsdrosjane nektar å akseptera maksprisane Pasientreiser har sett.

– Tilbodet gir oss eit tap på drygt 20 prosent. Det kan me ikkje akseptera, fastslår Valestrand.

Reidun Hope og Cathrin Valestrand i Fusa taxisentral

VERSTE PÅ 40 ÅR: Styremedlem Reidun Hope (t.v.) og dagleg leiar Cathrin Valestrand i Fusa Taxisentral. – I mine 40 år som taxieigar i Fusa har eg aldri vore med på liknande. Dette er ikkje reelle forhandlingar, seier Hope.

Avbestiller tur til psykologen

Konflikten mellom drosjeselskapa og Helse Bergen går no utover minstepensjonistar som Jorunn Vadlid Svellingen frå Eikelandsosen i Bjørnefjorden kommune.

70-åringen har slite med psykisk sjukdom heile livet, og har det siste året hatt faste timar ved distriktspsykiatrisk avdeling på Nesttun i Bergen.

Det er over ein times drosjetur unna, noko som kostar rundt 2000 kroner éin veg på ordinær takst, ifølge den lokale taxisentralen.

Det er nesten heile summen Svellingen har ståande på konto. Derfor har no avbestilt turen ho skulle hatt til psykologen på måndag.

– Hadde eg brukt pengane til taxien, hadde eg ikkje hatt noko att å leve for, seier ho.

Lokalavisa Os og Fusaposten skreiv først om Svellingen.

Under koronanedstenginga fekk ho psykologtime over telefon. Det blir også løysinga på måndag. Ei naudløysing, kallar ho det.

– Det som Helse Bergen i praksis gjer, er å hindre at økonomisk svakstilte menneske får den hjelpa dei treng, hevdar Svellingen.

Jorunn Vadlid Svellingen

OVERSIKT: I almanakken noterer Svellingen sirleg alle timar og taxiturar ho har hatt. I september køyrde ho seks gongar med pasientreiser. – Det hjelper ikkje å få igjen når eg ikkje har pengar til å legga ut.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Halve kommunen utan avtale

I Bjørnafjorden kommune står halve kommunen utan avtale med Helse Bergen.

Ordførar Trine Lindborg (Ap) synest det er uverdig at pasientane sjølve skal måtte legge ut for reisa.

– Det er alvorleg, fyrst og fremst for dei det gjeld. Dette er menneske i ein sårbar del av livet som treng pasienttransporten. Desto verre er det at ein ikkje klarer å ta vare på folk på ein verdig og ordentleg måte.

Lyser ut på ny

Helse Bergen seier at det ikkje kom inn nye tilbod frå aktørane i dei tolv kommunane. Heller ikkje då fristen blei forlenga for andre gong i september.

– Og då har vi diverre ikkje grunnlag for å gå vidare med forhandlingar, seier Ann-Mari Høiland, avdelingssjef ved pasientreisekontoret i Helse Bergen, om kritikken frå Fusa.

Ho avviser overfor NRK å kommentera spørsmål som gjeld pris.

Anbodet blir lyst ut på nytt i løpet av oktober. Det vil truleg ta rundt to månadar før denne runden kan resultere i nye avtaler.

Avdelingssjef Ann-Mari Høiland ved pasientreisekontoret i Helse Bergen.

BEMANNAR OPP: Avdelingssjef Ann-Mari Høiland seier dei har bemanna opp for å sikre at pasientane får pengane for turen tilbake raskt nok. Behandlingstid skal vera rundt ei veke.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

I mellomtida dekker Helse Bergen heimreisa frå sjukehuset, men i kommunar utan avtale må pasienten sjølv dekke turen til behandling.

– Vi har vore i dialog med drosjenæringa, og mange vil tilby kredittordningar og faktureringsavtale til pasientane. Då vil dei få refusjon før dei må legge ut for turen, hevdar Høiland.

Ifølge Fusa taxisentral har helseføretaket berre spurt om faktureringsavtalar for fastbuande på eitt eldresenter i Eikelandsosen.

– Dette gjeld dermed ikkje dei som bur i omsorgsbustader, har avlastingsplass på heim eller bur heime, seier Valestrand.

Til Stortinget

Neste veke må helseminister Bent Høie (H) svare Stortinget om den manglande avtalen i Helse Bergen. Kjersti Toppe (Sp) har sendt inn eit spørsmål til den ordinære spørjetimen om saka.

Førre veke blei statsråden utfordra om saka i eit skriftleg spørsmål frå Eigil Knutsen (Ap).