Hopp til innhold

Tre personar har fått påvist covid-19: Ein er innlagd på Haukeland

Smittevernkontoret i Bergen har registrert tre nye personar som er smitta med Covid-19. Ein av personane blei innlagd på Haukeland universitetssjukehus fredag: – Vi er urolege for at fleire kan vere smitta.

Haukeland universitetssjukehus

NYTT TILFELLE: Haukeland universitetssjukehus har bekrefta at ein pasient med covid-19 vart lagt inn på fredag. Det er den første innlegginga på nesten tre månader.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

I ei pressemelding laurdag kveld skriv Bergen kommune at tre personar har fått påvist covid-19. Ein av personane vart innlagd på Haukeland universitetssjukehus fredag.

Ifølgje kommunen skal dei to andre ha lite symptom.

Fleire kan vere smitta

– No er vi urolege for at fleire kan vere smitta, seier direktør ved Etat for helsetenester, Brita Øygard.

Ifølgje Øygard er det ingen samanheng mellom dei tre som er smitta, og for to av dei er smittevegen ukjent.

Ho legg til at dei to andre som er smitta har blant anna reist med kollektiv transport i Bergen, og det kan difor vere fleire som er smitta.

Smittevernkontoret er kjent med at dei smitta har reist med kollektiv transport, skriv kommunen i pressemelding laurdag kveld. Vidare skriv dei at personane har vore i Bergen sentrum og på Vestkanten i smitteførande fase.

– Vi ber folk med symptom om å melde seg til testing, og dersom ein har fått symptom så må ein halde seg heime, seier Øygard.

Ho ber folk om å vere påpasselege med smittevernrutinane, ha god handhygiene og halde ein meter avstand.

Oppdaterte tal på Bergen kommune sine sider syner at totalt 592 personar har testa positivt på viruset i kommunen.

Ein innlagd på sjukehus

For første gang sidan 26. april har ein pasient vorte innlagd med viruset, på Haukeland.

– Det viser jo at pandemien ikkje er over og at folk må ta smittevernreglar på alvor, seier kommunikasjonsdirektør Erik Vigander i Helse Bergen.

Han fortel at Helse Bergen førebels ikkje kan gje personlege opplysningar om den smitta, av omsyn til personvern. Pasienten ikkje er innlagd på intensiv avdeling.

Smitta ved sjøforsvarets base

Personen som er smitta er tilknytt sjøforsvarets base i Bergen på Haakonsvern. Talsperson for Forsvarets operative hovudkvarter, Elisabeth Eikeland, seier det berre er registrert eitt tilfelle så langt.

– Det er sett i verk smittesporing i den kohorten personen heldt til i. Alle som har oppheldt seg i nærleiken av vedkommande er sett i karantene.

Eikeland seier dei ikkje vil spekulere i om det er andre som kan vere smitta på basen. Det var totalt 28 personar i kohorten til den som er smitta.

– Vi vil gå ut med meir informasjon når alt er kartlagt. Vi har sett i gang umiddelbare tiltak og har ein god kultur for smittevern. Dette er noko vi er ekstra strenge på, seier Eikeland.

Elisabeth Eikeland

– GODE RUTINAR: Pressetalsperson i Forsvaret, Elisabeth Eikeland, seier dei har gode rutinar for smittevern.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

– Gode rutinar

Vigander kan heller ikkje seie mykje om smittesporinga til vedkommande. Han påpeiker likevel at sjukehuset er ved god beredskap om dagen, og er klare skulle fleire verte innlagde.

– Eg kan ikkje seie noko om dette vil føre til fleire utbrot, og me er budd på at det kan komme inn fleire pasientar. Men når det kjem til smittesporing så har me gode rutinar, så dette vil nok gå sin gang, seier han.

Han oppfordrar folk på ferie om å ta forholdsreglar, sjølv om det er få tilfelle av covid-19, i desse dagar.

Erik Vigander

VÆR FORSIKTIG: Kommunikasjonsdirektør Erik Vigander i Helse Bergen meiner dette tilfellet kan vere ei viktig påminning for at folk må ta omsyn i høve smittevern.

Foto: Øyvind Bjørkum / Kreftforeningen

– Det er kanskje litt lett å gløyme når det har gått så lenge mellom kvart smittetilfelle, men ein må vere forsiktig.

– Kan forvente fleire smitta

Tal frå FHI viser at det ved midnatt var registrert 9025 tilfelle av koronasmitte i Noreg. Ni personar får behandling på sjukehus og 255 har døydd som følge av sjukdommen.

Overlege Ernst Kristian Rødland ved avdeling for smittevern og beredskap i FHI seier han trur ein kan forvente økt smitte framover.

– Det vil ikkje vere overraskande om det kjem fleire tilfelle no som landet er opna for utanlandske turistar. Men smittetalet i Noreg er framleis lågt og det er mindre ein ti innlagt. Det er ein gunstig situasjon samanlikna med andre land, seier han.

På verdsbasis vart det fredag meldt om ny rekord for talet på smitta i løpet av 24 timar, med 237743 personar. Dei fleste av dei smitta er frå USA, Brasil, India og Sør-Afrika ifølge Verdas helseorganisasjon (WHO).