Hopp til innhold

Pasient har rabies, innlagd på Førde sentralsjukehus

Helse Førde stadfestar at pasienten som er innlagd på Førde sentralsjukehus har rabies.

Sentralsjukehuset i Førde

PASIENTEN LIGG HER: Pasienten får intensivbehandling på Førde sentralsjukehus.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

I går kom meldinga om at ein pasient er lagt inn på Førde sentralsjukehus med mistenkt rabiessmitte. Prøvar var sende til Sverige for analyse. Det er no bekrefta at pasienten har rabies, melder Helse Førde.

– Gjennom desse prøvesvara har vi no fått stadfesta at diagnosen er rabies, seier fagdirektør Trine Hunskår Vingsnes.

– Vi tek framleis alle naudsynte forholdsreglar, og held fram med smitteverntiltak slik regelverket tilseier og i samråd med Folkehelseinstituttet.

Pasienten vart biten av ein hund på ei reise i Søraust-Asia. Det fanst fleire personar med i same reisefølge, og smittevernansvarlege i deira respektive heimkommunar er varsla.

Pasienten er heimehøyrande i Sogn og Fjordane. Dei andre i reisefølget er heimehøyrande i andre fylke.

Folkehelseinstituttet skriv at personane i reisefølge som var i kontakt med den same hunden blir følgd opp av lokalt helsevesen for å sikre at dei som treng det får førebyggande behandling mot rabies.

– Pasienten er alvorleg sjuk. Utover dette ønskjer vi ikkje å gå ut med opplysningar om tilstanden, seier Vingsnes.

Pasienten skal ha blitt gradvis dårlegare.

Folkehelseinstituttet (FHI) er varsla i saka. FHI skriv at rabies smittar ikkje mellom menneske. Smitte til helsepersonell kan ikkje heilt sjåast bort frå, men det er aldri tidlegare rapportert, skriv dei vidare.

Svært sjeldan

Det er første gongen sidan 1815 at rabies er påvist på fastlandet i Noreg.

Rabies er ein svært alvorleg virussjukdom som angrip nervesystemet. Sjukdommen kan smitte frå dyr til menneske, og sjukdomen finst i store delar av verda.

– I område med rabies bør personar som har blitt bitne av hund eller andre dyr så raskt som mogleg ta kontakt med lege for råd og vaksine, seier overlege Siri Feruglio ved Folkehelseinstituttet.

Sjukdomen vert også kalla hundegalskap.