Hopp til innhold

Pasient null i Ulvik: – Føler meg trygg på at vi gjorde det vi skulle

ULVIK (NRK): Familien reiste til Italia i jula grunna ein kreftoperasjon. Ti dagar karantene då dei kom heim var ikkje nok for å hindre det store smitteutbrotet i Hardanger.

Ser utover fjorden

PASIENT 0: Etter ti dagar i karantene og to negative testar var familien dei første til å få påvist koronaviruset i Ulvik.

Foto: Tale Hauso / NRK

I hagen til Brakanes hotell har den italienske familiefaren funne seg ein stol og nyt vintersola med utsikt utover Ulvikafjorden.

Han og familien er høgst truleg pasient null i det store Hardanger-utbrotet. For første gong fortel dei si historie om det som har skjedd.

– Det gjekk kjempefort. Smitten var som eit lyn. Som ein brann, seier familiefaren til NRK.

No har heile 126 av 1067 innbyggjarar i Ulvik herad testa positivt for koronaviruset.

Bygda er stengd ned, fleire hundre er i karantene og seks personar har vore innlagde på sjukehus. Smitten spreidde seg også til nabokommunane.

Ulvik i Hardanger

I Ulvik bur det 1067 innbyggjarar.

Foto: Tale Hauso / NRK

Reiste til Italia grunna kreftoperasjon

Faren snakkar på vegner av familien og ønskjer ikkje at namnet til familien skal bli knytt til utbrotet i Ulvik, der dei har budd i tre år.

Høgst truleg tok dei med seg smitten frå ein utanlandstur i jula. Hans marokkanske svigerfar skulle opererast for kreft i Italia.

Familien reiste ned for å hjelpe til med det praktiske og for å vera tolkar.

– Koronaviruset har skapt store problem i Italia, og sidan eg snakkar språket og er frå plassen, så klarte eg å løyse situasjonen for svigerfaren min. No får han cellegift. Det var grunnen til at vi såg oss nøydde til å reise til Italia.

Testing av korona i fleirbrukshallen i Ulvik.
Foto: Tale Hauso / NRK

Testa negativt to gonger

Familien kom tilbake til Ulvik for rundt ein månad sidan. Dei sat ti dagar i karantene, og tok to negative testar.

Likevel fekk dei påvist viruset når karantenen var over. På slutten av tidagarskarantenen fekk ekteparet lette symptom, utan at dei trudde det var korona.

– Ingen av dei vi hadde vore i kontakt med i Italia hadde blitt sjuke. Vi testa oss før vi reiste frå Italia, så testa vi oss på Flesland i Bergen, og begge testane var negative, forklarer mannen.

Etter at karantenen var over, valde dei å teste seg igjen.

Vart sjølve innlagde på sjukehus

Då fekk dei positive svar. Og då var det allereie for seint.

Sonen deira, som seinare fekk påvist smitte, hadde vore èin dag på skulen etter at ti dagars karantenen var over.

Kommunen har sagt at smitten skaut fart blant barn i skulen og barnehagen. I over halvparten av tilfella er det bekrefta den engelske varianten av koronaviruset, og kommuneleiinga er sikre på at det er den varianten alle har fått.

Etter å ha testa positivt, isolerte familien seg. Faren fekk typiske influensasymptom. Litt tung i brystet, mista smaks- og luktesansen, men ingen feber.

Kona hadde høg feber i nesten ti dagar. Ho vart innlagt på sjukehus fordi ho ikkje klarte å ete og vart svakare. Barna har heile tida vore utan symptom.

Hans Petter Thorbjørnsen, ordførar i Ulvik herad.

Ordførar i Ulvik, Hans Petter Thorbjørnsen, har hatt to travle veker.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Gjorde alt etter boka

For Ulvik herad har det vore ein krevjande periode.

Dei siste dagane har det blitt vanleg å sjå ordføraren med munnbind og øyrepluggar. Stadig ringjer telefonen frå media og andre.

– Det er skremmande når noko slikt skjer på ein liten plass. Vi ser kor fort det spreier seg, seier Ulvik-ordførar Hans Petter Thorbjørnsen.

Thorbjørnsen meiner at familien etter deira opplysningar har gjort alt etter boka.

– Dei testa seg før dei kom til Noreg, testa seg etter dei kom inn til landet og gjennomført den karantene som staten har sagt dei skal gå i.

Ulvik forlenga ganske raskt karantenetida frå ti til 14 dagar då utbrotet var eit faktum.

Thorbjørnsen forstår at det ikkje har vore lett for familien som blei første smitta.

– Det har lenge vore knytt skam av å bli smitta med korona. Då går alle utifrå at du ikkje har følgt reglane. Men no ser vi at over 100 personar har blitt smitta, og eg tippar dei aller fleste har gjort det dei har fått beskjed om.

Odd Rolland tar koronatest i Ulvik.

Halvparten av innbyggjarane i Ulvik har så langt testa seg for koronaviruset.

Foto: Tale Hauso / NRK

Oppmoda om å støtte kvarandre

Helsetenesta i Ulvik har hatt tett dialog med familien.

– Dagen etter at karantenetida var over tok dei kontakt med helsetenesta om at dei var blitt sjuke, seier Unni Solem er kommuneoverlege i Ulvik.

Ho seier at familien har merka trykket frå lokalbefolkninga.

– Men dei aller fleste forstår at det ikkje er deira feil. At dette var noko som kom med bagasjen, seier Solem.

I ei pressemelding har kommuneoverlegen oppmoda innbyggjarane om at dei ikkje må klandre dei som først vart sjuke, men sjå framover.

«Dei har hatt det tøft,- legg ikkje stein til børa med å klandra eller mistenkjeleggjera dei. Vi gjer alle så godt vi kan i denne situasjonen. Vi må ha tillit til kvarandre og tru på at det går mot lysare tider!"»

– Føler meg trygg

Til NRK seier den italienske mannen at han er usikker på kor dei kan ha blitt smitta, men trur det kan ha skjedd på heimreisa til Bergen.

– Anten under mellomlandinga på flyplassen i Amsterdam eller i Bergen, for vi har ikkje hatt annan kontakt med verda utanfor.

Han meiner familien følgde reglane, og føler difor ikkje skuld for utbrotet.

– Når du får vite at du er den første smitta i bygda, byrjar du å tenke at det er du som har bringa sjukdommen hit. I hjartet mitt føler eg meg trygg på at vi gjorde det vi skulle.