Hopp til innhold

Pårørande: Dement pasient vart dehydrert og sendt til sjukehus – to gonger

Pasientombodet ber om at det vert opna tilsynssak mot sjukeheimen Helsetunet i Førde.

Førde Helsetun

PASIENT HER: Pasienten det gjeld er innlagd på Helsetunet i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Firda skreiv om saka først.

Pasienten med demens skal ha blitt lagt inn på sjukehus to gonger på grunn av dehydrering. Pasientombodet i Sogn og Fjordane har engasjert seg i saka, og 5. april sende ho kravet om tilsyn, på vegner av dei pårørande.

– Når det er snakk om dehydrering og manglande oppfølging av næringsinntak, så har det potensial til å bli ein alvorleg situasjon for eldre pasientar, seier pasientombod Lisa Førde Refsnes til NRK.

Varselet har gått til Fylkesmannen i Vestland. Deira frist for behandling av saka er fem månader.

– Det er for å få ein grundig gjennomgang av saka, både rettsleg og medisinsk, seier Refsnes.

Lisa Førde Refsnes

HAR VARSLA: Pasientombodet i Sogn og Fjordane, Lisa Førde Refsnes, seier saka har potensial til å vere alvorleg.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

Samarbeider med Fylkesmannen

Helsetunet i Førde er eit kommunalt helsetilbod. Også kommunen ynskjer ein slik gjennomgang.

– Eg synest det er flott at ein har moglegheita til å sjekke om kommunen har gjort det han skal, seier Kurt Even Andersen, kommunalsjef for helse og omsorg i Førde.

Han seier at Førde kommune og Helsetunet har eit fokus på ernæring og oppfølging av pasientane, og at dei har gode rutinar. Han vil vere forsiktig med å konkludere i nokon retning enno.

– Det får Fylkesmannen finne ut av, seier Andersen.

Dei samarbeider med Fylkesmannen for å avdekke kva som har skjedd.

– Vi går gjennom den konkrete saka, kva som vart gjort i forkant og etterkant. Så gjev me Fylkesmannen ei tilbakemelding, seier han.

– Blir pasientar med demens tekne godt nok vare på i kommunehelsetenesta?

– Eg meiner Førde har god demensomsorg. Den største utfordringa er faktisk om me klarer å avlaste dei pårørande godt nok.

Pasientombodet og dei pårørande har bede Fylkesmannen om å sjå på om bemanninga er god nok.

– Når me får denne typen problemstillingar på bordet hjå oss, så er det naturleg å tenkje at dette er noko som kan ha eit alvorleg preg, seier pasientombod Refsnes.