Hopp til innhold

Paralympics-vinnaren tok bronse i NM

Verdsmeister og parautøvar Salum Kashafali (27) let seg ikkje stoppe av 2 prosent syn. Ny studie viser at blinde og svaksynte har meir meistringstru enn resten av befolkninga.

Parastjernene Salum Kashafali, friidrett

VERDSMEISTER: Salum Kashafali har både VM-gull og Paralympics-gull i 100 meter sprint. Han har den medfødde augesjukdommen Stargardt.

– Eg meiner at samfunnet er med på å avgrense svaksynte og blinde, ut frå sine eigne idear om korleis det er å vere oss, seier verdsmeister i 100 meter sprint Salum Kashafali.

Sjølv har han 2 prosent syn, på grunn av ein medfødd augesjukdom.

– Me får ofte ikkje sjansen til å vise kva me er gode for, fortel han.

I kveld var gullvinnaren frå Paralympics i Tokyo med i NM. For sjølv om Salum knapt kan sjå, ser han på funksjonsnedsettinga si også som ein føremon.

Overraska over funna

Ifølge ein ny studie frå Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS), har blinde og svaksynte meir meistringstru enn resten av befolkninga.

Trond Heir, forsker ved NKVTS

FORSKAR: Trond Heir ved NKVTS.

Foto: NKVTS

– No veit me iallfall at det ikkje er meistringstrua som er årsaka til at synshemma generelt har dårlegare psykisk helse enn sjåande, fortel Trond Heir, som er forskar ved NKVTS.

Han har vore med på å gjennomføre studien, som skulle undersøke medlemmer av Blindeforbundet si psykiske helse.

– Blinde og svaksynte er generelt meir utsett for mobbing, einsemd, vald og overgrep enn resten av befolkninga. Sånn sett er resultata overraskande, seier Heir.

Manglande tilgang

Tidlegare forsking på psykiske helse hos personar med synshemmingar, tyder på at dei føler på større grad av utanforskap i samfunnet enn personar med normalt syn.

– Me har ein lang veg å gå når det gjeld universell utforming, slik at alle kan leve på like premiss uavhengig av funksjonsnedsettingar, fortel Heir.

Omtrent 320.000 personar i Noreg levde med synshemmingar i 2018.

Pensjonist Magnus Strand har omtrent 5 prosent syn, og er styremedlem i fylkeslaget til Blindeforbundet i Sogn og Fjordane.

Han trur at noko av grunnen til at blinde og svaksynte har meir tru på eigne meistringsevner, er at dei har lært meir enn andre.

Portrett av svaksynte Magnus Strand. Han sit i sofaen i stova si med ein vegg i bakgrunnen. På veggen heng eit bilete av dei to døtrene hans.

MEDFØDD: Magnus Strand har den medfødde augesjukdommen aniridi. Han har to døtrer, som har arva denne sjukdommen frå han.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

– Det handlar om å prøve og feile, og så lærer ein av feila og deler lærdommen med andre, seier Strand.

Samtidig, meiner han at samfunnet kunne vore meir tilgjengeleg for blinde og svaksynte.

– Det er eigentleg farar overalt når ein går ute. Du er meir utsett når du ser dårleg, seier Strand.

Blinda av privilegium

Kashafali konkurrer både som friidrettsutøvar og parautøvar, og er både europameister, verdsmeister og paralympisk meister i 100 meter sprint.

Likevel møter han på utfordringar.

Dei siste to åra har han søkt på fleire jobbar. Ofte har han ikkje blitt kalla inn til intervju.

– Eg meiner det er fordi dei veit at eg er svaksynt, og at dei dermed tenker at eg ikkje er eigna til jobben.

I nokre tilfelle er dei som ser meir blinde enn dei som har synshemmingar, meiner Kashafali.

– Om ein person er i arbeid, utan mål og visjon, så ser han faktisk dårlegare enn oss som er synshemma. Me må gjerne arbeide hardare og meir målbevisst for å få det til, seier verdsmeisteren.