Hopp til innhold

Heime hos pappa Bø er flagget heist til topps etter VM-gullet

Far til Tarjei Bø sat som klistra framfor fjernsynet då sonen gjekk inn til VM-gull. – Dette er utruleg stas, seier pappa Klemet Bø stolt.

Tarjei Bø

VERDSMEISTER: Tarjei Bø vart tysdag verdsmeister. Heime jublar pappa Klemet Bø.

Foto: NRK1/skjermdump

Klemet Bø

STOLT: Pappa Klemet Bø, er svært stolt etter at sonen Tarjei i dag vart verdsmeister.

Foto: Bård Siem / NRK

Han legg ikkje skjul på at det var ulideleg spennande å følgje løpet.

– Det er heilt utruleg det han klarar å prestere. Han er 22 år og det er hans først VM, fortel den stolte skiskyttarpappaen heime i Stryn.

Tok sitt første VM-gull

Tarjei Bø seier sjølv han leverte sitt beste løp nokon sinne.

Med ein sterk sisterunde gjekk 22-åringen frå Stryn inn til leiing, men det var fleire i løypa bak som kunne snike seg inn framfor han.

- Ventetida er det verste, sa Tarjei Bø etter målgang før det vart endeleg klart at han kan smykke seg med tittelen som verdsmeister.

Frå før har Bø sikra seg to VM-bronse, og gull i stafetten.

Jubla når konkurrenten bomma

Også heime i stova hos pappa Klemet Bø var spenninga til å ta og føle på.

Austerrikaren Christoph Sumann låg an til å vinne gull før han gjekk inn til siste skyting.

Men etter at fire blinkar gjekk rett ned, kom bommen.

- Å, det var spennande å sjå på Sumann på standplass. For å seie det litt stygt, så har eg aldri jubla slik for ein bom før, seier pappa Klemet Bø med latter i stemma.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video baabab80-43c0-4238-af72-4c6b2fee7b02.jpg

TOK TIL TÅRENE: Då det vart klart at den arge konkurrenten Sumann bomma på siste skot, tok Tarjei Bø til tårene.

- No skal eg heise flagget

På direktesendt fjernsyn fekk pappaen og resten av TV-sjåarane sjå Tarjei Bø sleppe nokre tårer då det vart klart at han hadde sikra seg sin aller første verdsmeistertittel.

- Det er klart ein blir rørt av å sjå på dette, seier Klemet Bø til NRK kort tid etter at sonen har blitt verdsmeister.

Han fortel at det allereie har tikka inn ein heil masse med gratulasjonsmeldingar. Sjølv var han på veg ut for å heise flagget.

- Eg synst vi må heise flagget i dag. Det er endå ei stund til det vert mørkt, så det skal få henge nokre timar, seier Klemet Bø.

NRK kjem tilbake med meir.