Pangstart for Malakoff

Då billettsalet til Malakoff-festivalen på Nordfjordeid neste sommar opna i dag, var pågangen av konsertsugne publikummarar så stor at billettserveren knela. Det fortel festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal. Han seier dei til no har selt fleire tusen billettar og at folk tydelegvis er lystne på konsert igjen.

Arnt Ivar Naustdal framføre scena på Malakoff
Foto: Malin Hannesdatter Sunde / NRK