Avtalen mellom Pan Fish og DnB og Nordea som dei leiande bankane betyr at kriseråka Pan Fish er redda frå konkurs. Selskapet har fått den kapitalen som gjer at dei kan planlegge langsiktig, sa den påtroppande styreleiaren, Gabriel Smith, på generalforsamlinga i dag. Det betyr igjen at framtida for dei to sildoljefabrikkane i Måløy og fiskeslakteriet i Davik er sikra. I tillegg har Pan Fish eit 20-tals oppdrettskonsesjonar i fylket.
Lokale aksjonærar ute
Når bankane no får 80 prosent av aksjane i selskapet, betyr det at store aksjonærar også i Sogn og Fjordane no blir reduserte til småaksjonærar, og taper store summar. Dei tidlegare aksjonærane sit att med berre kring sju prosent av aksjane etter generalforsamlinga i dag. Det betyr at lokale storaksjonærar som Bjarte Tunold frå Vågsøy, Gudmun Strømsnes frå Flora og konsernsjefen Arne Nore no er ute av styret.
Nore held fram
Arne Nore held fram som konsernsjef inntil vidare, men det ligg i avtalen med bankane at han berre blir sitjande inntil det nye styret har funne ein ny.