Hopp til innhold

Pallplassar i skule-NM

Jørgen Hage Lambrechts frå Mo og Øyrane vgs vart nummer to i tømrarfraget under skule-NM i yrkesfag på Lillehammer. Lasse Midtbø frå Flora vidaregåande vart nummer to i Industrimekanikar. I alt 14 elevar frå dei vidaregåande skulane i fylket deltok i meisterskapen. Vidare vart Jonas Hamre frå Eid nummer tre i sveisefaget, medan Markus Masdal og Elisabeth Knutsen, også dei frå Mo og Øyrane, vart nummer tre i salsfaget.