Påkøyrsel var fall på glatta
Klokka 08.03 melde politiet at ein person var påkøyrt i Nansen vei like ved Brann Stadion i Bergen. Då dei kom til staden og gjorde undersøkingar viste det seg at vedkomande hadde falle i eit overgangsfelt på grunn av glatt veg. Personen blir frakta til legevakta med ambulanse. Politiet melder på Twitter at dei har gjort undersøkingar på staden, men at det ikkje blir vidare oppfølging frå deira side.