PÅKØYRD AV TO BILAR:

Vegen er no rydda etter ein kjedekollisjon på Knappskog. To personar får legetilsyn på staden, opplyser politiet. – Det ser ut som den første bilen har stoppa, og deretter er blitt påkøyrd bakfrå av to andre bilar, seier operasjonsleiar Morten Rebnord til NRK.no. Ulykka blei meldt klokka 14.55.

Kollisjon på Knappskog
Foto: Anders Ekanger / NRK