Hopp til innhold

Pågripen mann varsla sjølv om knivstikking på Nordfjordeid

Ein mann i 20-åra er floge til sjukehus etter å ha blitt knivstukken på ei privat adresse på Nordfjordeid.

ALVORLEG: Ein person er send til sjukehus med alvorlege skader etter knivstikking på Nordfjordeid.

Klokka 09.26 fekk politiet melding om at ein person er knivstukken på ei privat adresse på Nordfjordeid i Stad kommune.

Ein person er send med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus med alvorlege skader.

– Personen var medviten i det han blei frakta til sjukehus, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Fornærma ligg på Haukeland sjukehus og siste status er at mannen skal vere stabil.

Klokka 11.25 melder politiet at dei har kontroll på gjerningspersonen. Han ringde sjølv til politiet.

– Pågripinga gjekk fint føre seg og sikta var roleg og samarbeidsvillig, seier politiadvokat Ole Vallestad Emmerhoff i Vest politidistrikt.

Mannen er sikta for grov kroppsskade.

Nordfjordeid

Hendinga skal ha skjedd sentralt på Nordfjordeid.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Både gjerningsperson og fornærma er menn i 20-åra. Personane var ikkje ukjende for kvarandre.

– Det skal ha vere ein relasjon mellom personane, men det er ikkje familiært, seier Emmerhoff.

Det skal ikkje ha vore fleire i bustaden då hendinga fann stad.

– Det er litt for tidleg å seie kva som har skjedd i forkant, men det tyder på at dette var eit planlagt møte mellom personane, seier politiadvokaten.

Politiet kjende til personane frå tidlegare.

– Dei har vore kjende for politiet, men ingenting av denne typen karakter som vi står ovanfor no.

Politiet opplyser at dei jobbar utover dagen med å avklare kva som har skjedd.