Liv Kari Ness på Byrknesøy har fått sjukdommen på to store bulkemisplar i hagen sin.
- Det er lett å merke, for trea har vorte brune og stygge. Både bæra og blomane har tørka inn, og blada heng og er heilt stygge, fortel Ness.
Bier spreier smitte
Pærebrannsmitten spreier seg i hovudsak med bier og andre insekt som samlar nektar.
Eit av tiltaka som alt er sett i verk for å hindre vidare smittespreiing, er forbod mot flytting av bikubar til og frå Gulen.
Pærebrann går til åtak på prydbusker som mispel og hagtorn i tillegg til eple og pæretre.
Ingen panikk
Fylkesgartnar Thorbjørn Takle likar ikkje at sjukdommen nærmar seg fruktbygdene i Sogn, og trur det etter kvart kan bli vanskeleg å avgrense spreiing.
- Vi er ikkje paniske når det gjeld dette, for dei har klart å leve med sjukdommen i nabolanda våre. Det som er viktig no, er å ta naudsynte avgjerder for å klare å leve med dette.
- Kan fruktproduksjonen oppretthaldast med smitten på trea?
- Det avheng av kor sterke angrepa blir. Faren er dersom det blir så varmt at vi får ein epidemi av sjukdommen.
For kaldt
Fylkesgartnaren slår fast at vi normalt ikkje har klimavilkår for slike epidemiske utbrot.
- Så førebels tek vi dette forholdsvis roleg og gjer det vi blir pålagde av Mattilsynet for å stogge det, seier Takle.