Bli med på togtur i Peparkakebyen

I helga opnar heile Noregs Peparkakeby. Byen består av peparkake-bidrag frå heile Hordaland. Eit av bidraga i år har allereie vakt oppsikt.

Bli med på ein togtur gjennom Pepperkakebyen

OPNAR I HELGA: På laurdag opnar heile Noregs Peparkakeby i Bergen.

For 23. gong vaknar Peparkakebyen til live i Bergen.

Skular, barnehagar og folk frå heile Hordaland har sendt inn bidrag til byen. Årets mest omdiskuterte bakst er ein leikeplass med sprøyterom.

Ville skape debatt

Byrådet i Bergen har så langt sagt nei til å opprette sprøyterom for narkomane i Bergen, men i Peparkakebyen har leikeplassen med sprøyterom fått plass midt i sentrum.

Saman med fleire vener har Gudrun Sylte og Inga Søreide Solsvik laga det omdiskuterte bidraget. Dei ønska å skape debatt.

– Bidraget er ikkje eit politisk standpunkt for vår del. For oss er dette eit bilete på realiteteten i Bergen. Vi har narkomane som lev tett opp i born i byen. Det er eit problem vi ønskjer å peike på, seier Sylte.

– Vi vil opne for debatt om å opprette sprøyterom i Bergen. Det er difor vi laga bidraget, fortel Solsvik.

Har fått reaksjonar

Det uvanlege bidraget har fått reaksjonar frå mange.

– Folk har reagert på at vi har plassert eit sprøyterom i peparkakebyen, men vi skjønar faktisk ikkje kvifor det er eit problem, seier Sylte.

Steinar Kristoffersem, sjef for Peparkakebyen, syns derimot ikkje bidraget er problematisk.

– Byen skal jo ikkje vera ein arena for politisk debatt, men noko må ein tole, seier Kristoffersen.

I helga opnar Pepperkakebyen i Bergen

PEPARKAKEBYEN: Eit leikerom med sprøyerom har vakt reaksjonar i Bergen.