Har køyrt 13.000 kilometer på ti veker

Utenkjeleg å legge ut på ferietur med motorsykkel og campingvogn, tenkjer du? Her beviser Roger Eltvik (52) til gagns at det er fullt mogleg.

Roger Eltvik på tur med campingvogn og MC

KROATIA: Det var lang kø og saktegåande trafikk mot grensa til Kroatia.

Foto: Privat

Sløydlæraren frå Florø gjorde det skikkeleg då han i sommar reiste på ferie.

52-åringen bygde si eiga campingvogn og la ut på eit ti veker og 13.000 kilometer langt eventyr på motorsykkel, med sidevogn – og campingvogn.

– Det var heilt fantastisk, seier Roger Eltvik.

– Plass til besøk

Roger Eltvik

ROMSLEG: – Som sløydlærar tenkte eg det burde vere mogleg å byggje ei campingvogn, seier Roger Eltvik og fortel at vogna har godt med rom for ein person, men også plass til besøk.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

Ideen fekk han etter ein telttur i fjor. På nettet fann han ingen campingvogn han likte. Dermed kjøpte han hengar, rådførte seg med Statens vegvesen og sette i gang byggeprosjektet.

Gjennom 18 land drog han i sommar på den 1,60 meter høge campingvogna – med kjøkken og soverom.

– Det er plass til besøk også, forsikrar Eltvik og er godt nøgd med resultatet.

18 land og åtte MC-treff

Roger Eltvik på ferietur med MC og campingvogn

OVERFALLEN: Campingvogna til Roger Eltvik vakte oppsikt. Her vart han nærast overfallen av argentinske turistar som ville sjå og ta bilete av både vogn og førar.

Foto: Privat

52-åringen var litt skeptisk før han la ut på landevegen, frå MC-treff til MC-treff. For campingvogna har eit visst vindtilfang.

– Det gjekk eigentleg overraskande bra.Utanom i oppover- og nedoverbakkane har eg nesten ikkje merka den. Sykkelen drog litt tyngre, og var litt vanskelegare å få stogga, så eg tok det med ro, seier motorsykkelentusiasten frå kystbyen.

På turen møtte Eltvik mange likesinna, men likevel få som han. I alt vart det åtte treff for tilhengarar av Honda Gold Wing-syklar.

Roger Eltvik på ferietur MC og campingvogn

AVSLUTNING: Slik ser det ut når Roger Eltvik reiser på campingtur. Her frå MC-treff nummer åtte, og siste camp på Dokka.

Foto: Privat

– Dei fleste låg i telt eller på hotell. Det var berre eg som hadde campingvogn. Men eg likar å vere sær. Ikkje at eg likar å stikke meg fram, men eg likar å ha noko som mange andre ikkje har, seier Eltvik.

Språk ingen hinder

Eltvik erfarte at det kan ta på å køyre så mange kilometer på motorsykkel. Spesielt om ein har litt ryggproblem.

Roger Eltvik

KJEKT Å HA: Roger Eltvik (52) brukte seks månader på å bygge si eiga campingvogn til turen nedover kontinentet. – Det er kjekt å ha, og litt stas å ha bygd den sjølv, gliser han.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

– Det er ei litt anna fridomskjensle å kunne køyre når det passar meg, og stoppe når det passar meg. Vart eg trøytt eller sliten, stoppa eg på ein truckstopp eller bensinstasjon. Senga var allereie oppreidd, så det var berre å hive seg nedpå ein halvtimes tid, seier han.

– Kva var høgdepunktet desse ti vekene?

– Roa. Rett og slett. Og det å ta det med ro. Eg har treft mange kjekke folk og sett flotte syklar, men roa under turen var uvurderleg.

Blir ny tur neste år

Roger Eltvik

TREFF: Det balla fort på seg då Roger Eltvik byrja å planlegge ferieturen i sommar. Det som starta med eitt MC-treff, vart til slutt ti veker og åtte treff over heile Europa.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

Utanom litt problem med bensinpumpa på sykkelen, gjekk turen smertefritt. Heller ikkje språket, eller mangel på språk, bydde på store utfordringar.

– Då eg kom til Danmark tenkte eg «kva pokker driv eg med». Ikkje kan eg fransk, tysk, italiensk eller slovensk. Men legg ein velviljen til så går det greitt, seier han og vedgår at han allereie saknar land som Italia og Slovenia.

– Blir det ny tur neste år?

– Det blir det.