Hopp til innhold

På pilegrimsferd til iskatedral

Alle trudde isgrotta under Nigardsbreen skulle forsvinne. Den vart berre vakrare.

Den mykje omtala "Iskatedralen" har no fått namnet "blå lagune" .

- Med den valfartinga vi hadde her i fjor, så vart det mest som ei pilegrimsferd til iskatedralen. I år er den endå meir fassfylt og blåare, seier breførar Bjørnar Bjørhusdal.

Media over heile verda omtala "katedralen" . Mange meinte at det var eit flyktig fenomen som ville forsvinne i løpet av sommaren. Breinteresserte strøymde til, og gjer det framleis, for å sikre seg spektakulere bilete.

- Her kan vi vere her i timesvis. Du blir aldri ferdig. Det er byrja å bli nokre tusen bilete heime no, ja, seier Frank Optun Smedegård.