På Fjæra eller i Fjæra?

På eller i? Det er fleire bygder som kranglar om dette i det langstrakte land. I bygda Fjæra i Etne måtte spørsmålet opp på eit bygdemøte fordi usemja var så stor.

Illustrasjon

USEMJE: Desse tre har budd heile live i bygda Fjæra i Etne kommune, men blir ikkje einig om kva preposisjon dei skal setta framfor heimbygda si. F.v. Per Kjellesvik, Else Fjæra og Per Vidar Gundersen.

Foto: TALE HAUSO/OLE-ANDRE LAGMANDOKK / NRK

– Eg har aldri vore i tvil om at det heiter Fjæra. Eg synest det er naturleg og er vant med å seia det. Fjæra var ein gard i si tid, og då sa ein garden, fortel Else Fjæra.

– Kvifor trur du det er blitt slik at fleire seier i då?

– Kanskje det høyrest litt finare ut. Det heiter jo i Oslo, og alle andre store plassar.

Tok saka opp på bygdemøte

Naboen til Else, som berre bur eit steinkast unna, har ei anna meining.

– Eg seier i Fjæra, det var det dei gamle sa. Eg har budd her heile livet og har alltid sagt i, seier Jon Vidar Gundersen.

Ein annan sambygding var så usikker på preposisjonsbruken at han måtte ta saka opp på eit bygdemøte førre veke.

– På dette møtet var det veldig usemje. Etterpå gjekk eg heim å laga eit Facebook-innlegg om saka, og eg fekk over 100 kommentarar på eit par timar. Meiningane der var svært forskjellige, seier Per Kjellesvik.

– Vanleg problem

«Norskekspert», Sylfest Lomheim, fortel at det er mange stader i landet som er i same situasjon som bygda Fjæra.

– Dette er ein klassikar. Men reglane er veldig klare. Det er det ein tradisjonelt seier på staden som er det riktige.

– Men kva når dei som sjølv bur på staden ikkje blir einige?

– Når ein til dømes seier både og i Fjæra, så er dei sannsynlegvis i ein overgangsfase. Altså er dei i ferd med å bytta ut med i. Men om ein skal tenka på kva som er det korrekte, så er eg temmeleg sikker på at det må vera på.

Sylfest Lomheim

ENDRING: Språkvitar Sylfest Lomheim seier utviklinga no er at stadig fleire brukar preposisjonen i framfor stadnamn.

Foto: Sindre Hopland/NRK Sørlandet

I tar over

Ifølge Lomheim er det vanlegvis det slik at den tradisjonelle preposisjonen er , og at den nyare er i. Og i blir brukt stadig oftare som preposisjon framfor stadnamn.

– For 50 til 100 år sidan var det endå fleire stader her i landet som brukte enn det er i dag. Før sa dei til dømes Moss og Molde, men no er det berre i Moss og i Molde som gjeld.

– Kvifor er det slik?

– Bruken av i spreiar seg, slik er det berre blitt. Men det heng nok saman med at alle administrative stadnamn, kommune- og fylkesnamn, brukar i framfor. Det smittar gjerne over på stadnamna.

Laster kart, vennligst vent...