Hopp til innhold

På denne industristaden streikar dei for første gong sidan krigen: – Det er nok no

Metallverket er berebjelken i lokalsamfunnet. No legg dei tilsette ned arbeidet for første gong sidan krigen.

Torleif Sand er leiar for Årdal Kjemiske Fagforening.

Torleif Sand er leiar for Årdal Kjemiske Fagforening.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– For å seie det enkelt: Det er nok no. Vi må ha ein reallønnsauke.

Torleif Sand er leiar for Årdal Kjemiske Fagforening.

25.000 LO- og YS-tilsette gjekk i dag ut i streik etter brot i meklinga mellom partane i lønnsoppgjeret.

Elektrolysehall Å2C ved Hydro i Årdal

Elektrolysehallen Å2C ved Hydro i Årdal.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Metallverket i Årdal er ein berebjelke i lokalsamfunnet med kring 500 tilsette. Årleg produserer verket over 200.000 tonn aluminium, i tillegg til andre produkt.

Det har ikkje vore streik ved verket sidan det starta opp under krigen, men i dag vart fleire tilsette tekne ut.

– Det er ingen som ønskjer ein streik, men no må me ta den kampen, seier Sand.

I dialog med tillitsvalde

Etter det NRK kjenner til har LO sagt nei til ein lønnsvekst på 5,2 prosent.

– Det er ingen lønnsvekst. Den store delen av kampen dette står om, er dei lågtlønte. Dei har ikkje hatt ein reallønnsvekst på mange år, seier Sand.

Les også Full strid om LOs nei i lønnsoppgjøret: – Blank løgn

Streik LO

Produksjonen ved Hydro Årdal blir no gradvis trappa ned. Streikeuttaket påverkar også Hydro Karmøy. Også her blir medlemmer av Industri Energi og FLT tekne ut.

Hydro viser til at nedtrappinga av drifta er regulert i eigne nedkøyringsavtalar.

Fabrikksjef Wenche Eldegard ved Hydro Årdal fortel at leiinga har vore i dialog med dei tillitsvalde frå dei fekk vite om brotet i meklinga.

– Det er semje mellom dei tillitsvalde og leiinga korleis ein skal gjere nedkøyringa på ein trygg og god måte, seier Eldegard.

Fabrikksjef ved Hydro Årdal Wenche Eldegard.

– Det er utfordrande og uheldig at ein ikkje kjem til ei semje i meklinga. Men det er ein lovleg streik og vi steller oss til det, seier fabrikksjef Wenche Eldegard ved Hydro Årdal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Blir forseinkingar i leveransar

Hydro Årdal har i dag 326 omnar i drift. Eldegard seier dei ikkje kan gå ut med kor mange omnar dei stengjer ned, men at det på noverande tidspunkt heller ikkje er klart kor mange det blir.

Å stengje ned omnar er ein omfattande prosess som krev mykje planlegging.

– Kan du seie noko om kva Hydro Årdal vil tape på streiken?

– Det er altfor tidleg å seie. Det kjem an på kor lenge streiken varer, seier Eldegard.

Det vert forseinkingar i leveransar så lenge streiken varer, skriv Hydro.

Straumen som elles ville gått til produksjon, blir selt i kraftmarknaden.

Hydro Årdal i streik.

Streik ved Hydro Årdal måndag morgon.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Kjem til å bli kritisk

Over 500 arbeidarar er tekne ut i streik hos Hydro Aluminium på Karmøy. Det kan få ringverknader for fleire produsentar i Europa, seier fabrikksjef Arne Martin Kjærland.

– Vi får ikkje levert produkt til bilindustrien, noko dei er heilt avhengige av for å halde oppe sin produksjon. Det kjem til å bli kritisk både for oss og for kundane i Europa i løpet av veka.

Dei stengjer ikkje ned produksjonen umiddelbart, men kaia for utgåande varer skal stengje i løpet av måndag, ifølgje Kjærland.

– Men vi kan ikkje berre skru av på dagen. Vi bruker kanskje tolv veker for å ta ned drifta på ein trygg og sikker måte.

streik Hydro

Fabrikksjef Arne Martin Kjærland ved Hydro Karmøy.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Fleire industriverksemder råka

I alt er fleire oljeservicebedrifter råka av streiken.

Hos Aker Solutions blir 2.703 tilsette tekne ut i streik frå måndag av, 600 av dei på Stord. I tillegg blir fleire tekne ut i selskap Subshore og Yabimo.

Til saman går dermed 1900 ut i streik på Stord.

Det opplyser Finn Madssen som er nestleiar i Fellesforbundet for Aker Solutions Stord.

Lagerarbeidarar, elektrikarar, og dei som jobbar med måling og isolering er nokre av dei som blir påverka av streiken.

– Det blir ikkje så mange igjen på verftet som får hjula til å gå rundt. Eg trur ikkje det tek lang tid før alt stoppar opp, seier han.

Streik ved Hydro Årdal måndag morgon

Streik ved Hydro Årdal måndag morgon.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Tore Sunde er tillitsvalt ved Vard Electro i Tomrefjord i Vestnes, eitt av dei store skipsverfta i Møre og Romsdal. Han er klar for å streike.

– Dette råkar også innleigd personell, som vi vil varsle når de kjem til porten, at dei ikkje har anledning til å jobbe på våre prosjekt, seier Sunde

Rosenberg Worley i Stavanger blir òg råka, melder E24. Det same gjeld 500 YS-medlemmer i offshoreselskapa Beerenberg og Bilfinger. Det påverkar igjen Hydro Årdal, som har Bilfinger som ein sentral leverandør.

– No er det viktig med tett dialog så vi saman finn gode løysingar i samsvar med vår nedkøyringsavtale, seier Wenche Eldegard ved Hydro Årdal.

Les også Slik rammer storstreiken: Ferjetrøbbel og mulig chipsmangel

Streik. Kims Skreia