Hopp til innhold

På 70-talet frakta han øl – no gjer veteranbilen frukostsuksess hos turistane i Jølster

Campinggjestene på Skei får frukosten sin levert på ein heller uvanleg måte. Der gjer no ein Volvo PV 1963-modell nytten som brødbil.

Ola Fugle

UNGDOMSBILEN: Volvoen har Ola Fugle hatt heile livet. Den vekkjer merksemd i si nye teneste som brødbil.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Ola Fugle pakkar nysteikte brød og rundstykke i posar på bensinstasjonen han driv på Skei.

– No skal vi gjere oss klare og køyre til Jølster Panorama, og levere til dei som har bestilt, slik at dei får ein god start på dagen, smiler han.

På parkeringsplassen utanfor står køyretøyet som skal frakte baksten dei rundt to kilometrane til campingplassen.

– Eg hadde bilen, så måtte prøve eg å finne på noko som turistane kanskje snakka heim om, seier Fugle.

Ungdomsbilen blei brødbil

Den kvite Volvoen har fått eit skilt på taket. Det er lett å forstå at denne bilen kjem med «Fresh bread». Men bilen har følgt Fugle lenge før den gjekk over til å bli brødbil.

– Bilen har eg hatt heile livet. Eg kjøpte den då eg var 18 år og har hatt den sidan. Den brukte vi som ungdomsbil. Den dagen eg fekk sertifikat saga eg hol i dashbordet for å få inn Roadstaren, og så brukte vi han til Vadheim for å hente øl i storefri ler han.

Og PV-en blir lagt merke til. Folk snur seg, smiler litt og tek gjerne bilete når Fugle legg ut på sin daglege frukosttur.

– Alle har eit minne til slike bilar. Det er kanskje ikkje slikt dei forventar når dei står opp. Eg håpar å få dei til å bli gira på Jølster Panorama og Jølster.

– Ikkje opplevd andre stader

På campingplassen like ved Jølstravatnet har Bruno og Marianne Vorburger frå Sveits og Carin Vorburger frå Liechtenstein gjort seg klare til frukost med ferskt brød levert på hjul.

– Det er veldig spesielt med den gamle bilen og å få brød levert rett hit til campingplassen. Det har vi ikkje opplevd før, det er fint, seier Bruno Vorburger.

Bruno Vorburger, Marianne Vorburger, Carin Vorburger

Bruno og Marianne Vorburger frå Sveits og Carin Vorburger frå Liechtenstein får levert ferskt brød frå Ola Fugle under sitt besøk i Jølster.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Eg likar veteranbilar. Eg har ein sjølv, smiler han.

Det er ikkje dei store mengdene brød og rundstykke som går med i ein sommarsesong, men håpet er at bileta av bilen blir med gjestene når dei reiser heim.

– Dei viser dei kanskje til venner, og kanskje kjem dei att neste gong, seier Ola Fugle.