Hopp til innhold

P3-Grete i strupen på Språkrådet

– Eg ser for meg at direktør Lomheim sit i si eiga P2-verd, medan han nippar til ein kopp te.

Osenbandens reporter Grete Strøm

NAMNESTRID: Språkkontakt i NRK P3, Grete Strøm, går til angrep på regelrytteriet til Språkrådet.

Foto: NRK

Kva skal det nært føreståande året heite? Er det «totusenogti »eller «tjueti»? Spørsmålet vekker sterk debatt hjå både ekspertar og folk flest.

Korleis vil du uttale 2010? Ta diskusjonen i kommentarfeltet under .

Regelstyrt i NRK

Grete Strøm i NRK P3 meiner det er idiotisk at tilsette i NRK må seie «totusenogti». Ho er språkkontakt i radiokanalen, og meiner at sjølv om Språkrådet har vedteke at ein skal seie totusenogti, kjem tjueti til å tvinge seg fram fordi det er lettare å seie.

– Å ha ein regel for å ha ein regel, kva er poenget med det, spør Strøm? Og legg til:

Eg ser for meg at Lomheim sit i si eiga P2-verd, medan han nippar til ein kopp te, les Vinje og nikkar på hovudet – dei færraste gjer det.

Grete Strøm, språkkontakt i NRK P3

(Artikkelen held fram under røystinga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Vil vente med avgjerd

Lomheim

REGELRYTTAR: Sylfest Lomheim, direktør i Språkrådet, er krystallklår. 2010 skal uttalast «totusenogti».

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Språkkonsulent i NRK, Ruth Vatvedt Fjeld, støttar kritikken til Strøm. Ho legg til at folk seier «tjueti», «tjuefjorten» og så bortetter. Lomheim er ueinig.

– Det er ingen som meiner at NRK ikkje skal ha språkreglar for språkbruk, og reglane dei er heilt klare, slår Lomheim fast.

– Det luraste er å vente med å bestemme noko til ein ser kva som vert mest vanleg, «totusenogti» eller «tjueti», seier Vatvedt Fjeld.

Ho seier det er viktig at språket i NRK ikkje viker frå det alminnelege språket.

Lomheim meiner Strøm ikkje snakkar om reglane i NRK, men om korleis ho trur språkbruken vert om ti, tjue eller tretti år, noko han meiner er ei heilt anna sak.