Hopp til innhold

Den norske bonden er 52 år i snitt. Øystein (18) satsar 11 millionar kroner på ny gard

No meiner kameratane at Øystein (18) treng nokon å dela dei vel 500 måla, dei to florane og dei to husa med. Og kanskje også lånet.

Øystein Børve

FLEIRE: I dag har Øystein Børve 21 mjølkekyr. Målet er å ha 40.

Foto: Tale Hauso / NRK

Med svarte arbeidsklede på, og capsen godt tredd ned i panna – går Øystein Børve inn den raude døra til fjøset. Han er berre 18 år gamal, men har no kjøpt sin eigen gard til 11,5 millionar kroner.

– Det er litt surrealistisk å sjå på alt eg eig som 18-åring, og vita kva eg skal gjera resten av livet, seier bonden.

Garden på Gjerde ligg sentralt i Etne. Her vil den unge bonden satsa på ei framtid som mjølkebonde, i tillegg til å drive med avl og sau.

I dag har han 21 mjølkekyr. Målet er 40.

– Eg synest det er fantastisk å vera i floren. Når eg er i floren fell alt anna vekk. Då er det det som er fokuset, seier Børve.

Øystein Børve

GOD PLASS: Med ein gard på 500 mål har ein plass til å boltra seg.

Foto: Tale Hauso / NRK

Har større enn broren

Øystein vaks opp på nabogarden. Der skaffa han seg sine eigne sauer allereie som tiåring.

Men storebroren tok over garden. Sidan han ikkje hadde gard, var planen eigentleg å verta veterinær. Det var før garden til 11,5 millionar kom for sal.

– Då var det ikkje noko anna å gjera enn å hiva seg med og kjøpa den, seier bonden.

For Øystein er det også kjekt at han no har større gard enn den broren tok over.

– Eg lever litt på den, seier Børve.

Den unge gardseigaren får god hjelp og støtte av familien til å finansiera garden.

– Me har rekna på det fleire gonger. Etter planen skal det gå.

Gjerde i Etne

GODT PLASSERT: Garden ligg eit par steinkast unna Gjerde.

Foto: Tale Hauso / NRK

Er ein av mange unge bønder i Etne

I fjor var gjennomsnittsalderen på norske bønder 52 år, viser tal frå SSB.

I Etne har det vore eit generasjonsskifte blant bøndene. Det har ført til kamp om dyrka mark i bygda.

– Me er i den heldige situasjonen at me har mange unge bønder med pågangsmot som satsar. Det er me kjempeglade for, seier ordføraren.

Ordførar i Etne, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim er imponert over 18-åringen.

– Det er utruleg modig gjort av han. Det er eit miljø i bygda som er opptekne av å ta vare på kvarandre og løfta kvarandre fram, seier ho.

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim

IMPONERT: Ordførar i Etne, Mette Bergsvåg Ekrheim meiner det er modig å satse i så ung alder.

Foto: Tale Hauso / NRK

Treng nokon å dela gjelda med

Kameratane til den unge bonden har etterlyst nokon han kan dela gardslivet, og kanskje også lånet med.

– Eg er litt småredd for å bli meldt på «Jakten på kjærligheten», seier Børve.

Vener har mellom anna blitt lagt ut eit småleg humoristisk Facebook-innlegg der han søker «gardskjerring», som Øystein så fint kallar det.

Gardsguten har ikkje noko i mot selskap, men i første omgang er det gardsdrifta som står i fokus.

– Eg har litt for stort hus til å bu åleine, men no er det drifta som er prioritet nummer ein, seier Børve.

Post på Facebook

ALT TIL SI TID: Sjølv om kameratane har etterlyst nokon han kan dele garden og livet med, stressar ikkje Øystein med det.