Hopp til innhold

– Når du har brukt 1600 kroner på ei musefelle, så er det kjekt å få ei mus i ho også

Først vart øya invadert av mus. Så var dei plutseleg ingen stad å sjå. Kva skjedde med alle musene på øygruppa i vest?

Kurt Rutledal visar fram den elektriske musefelle-boksen sin.

UTSTYRET PÅ PLASS: Kurt Rutledal visar fram den nye elektriske musefelle-boksen sin. Enn så lenge er ho uprøvd.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Oktober 2019. Spådommane seier at millionar av mus vil etablere seg på øygruppa Bulandet, som ligg ytst i Sunnfjord.

Tidlegare hadde dei aldri sett mus her, men brått var dei overalt.

– Eg får ein eller to for dagen, sa bebuar Trygve Hågøy den gongen.

Han var blant dei første bebuarane til å fanga mus på øya. Nokon gong.

Trygve Hågøy

VANLEG: Eit slikt syn vart nesten daglegdags for Trygve Hågøy i fjor haust.

Foto: ARTUR DO CARMO / NRK

Knappe sju månader etter er musa ingen stad å sjå.

Kor har ho vorte av, undrar bebuarane.

– Eg veit ikkje kva som har skjedd, eg har ikkje sett noko mus, ropar Kjartan Sandtrøen ned frå garasjetaket han jobbar på.

Han mistenker at røysekattar og ugler i området skal ha noko av æra.

– Eg har høyrt om nokon som seier dei har det, men det er lenge sidan, seier han.

Kjartan Sandtrøen veit ikkje kor musa har vorte av.

USIKKER: Kjartan Sandtrøen har sine tankar, men er ikkje sikker på kva musa har vorten av.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

23 musefeller

Etter ein runde på Bulandet vert det klart: Kjartan Sandtrøen er ikkje åleine. Det er lenge sidan nokon av bebuarane har sett ei mus der sist.

Med eitt unntak.

Fleire fortel om ein ivrig jeger, som skal ha komme i nærkontakt med ein av gnagarane for ikkje så altfor lenge sidan. Han heiter Paul Fridtjof Norstrand.

– Eg såg ei for tre veker, seier han.

Sidan i fjor haust har han gått til innkjøp av 23 musefeller.

Men dersom han må, tyr han også til andre metodar.

– Ho var ved muren her oppe, så eg sette fyr på og røyklagde heile greia. Sidan har eg ikkje sett ho.

Paul Fridtjof Norstrand malar båten sin

NOTORISK JEGER: Paul Fridtjof Norstrand har med sine 23 musefeller hatt mange samanstøyt med gnagarar det siste halve året. No har det derimot nesten stoppa heilt opp.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Men som dei andre på Bulandet undrar også han seg over kvar musa tok vegen.

Dei var jo så mange. Er dei verkeleg borte? Alle saman?

Kommen for å bli

Neppe, seier skadedyrekspert Anstein Berntsen i Pelias. Han meiner det er heilt vanleg at populasjonen svingar.

– Det er lite truleg at ein klarar å verte kvitt dei ved å forsøke å nedkjempe dei.

Han trur forklaringa er ein annan: At musa trekkjer mot naturen på våren då det vert varmare.

– Truleg trekkjer dei seg nok innover mot husa igjen, når frosten kjem til hausten og det vert kaldare att.

Klare til kamp

Og når dei gjer det, så er bulendingane betre skodde enn nokosinne.

– Eg er klar til å ta dei, dersom dei kjem, seier Paul Fridtjof Norstrand.

Det same er Kurt Rutledal.

– Når du har brukt 1600 kroner på ei musefelle, så er det kjekt å få ei mus i ho også.

Han har skaffa seg fleire forskjellige variantar – «for å ta musa som har kvar sin smak».

– Og så har eg kjøpt ei musefelle som er ekstra stileg. Ho er elektrisk, men eg har ikkje fått noko i ho enda.