Øygarden vil signera Azar Karadas

Øygarden FK ønskjer å forsterka laget med Azar Karadas før sesongen, skriv BT. Karadas spelte for Brann ut 2019-sesongen, men signerte ikkje ny kontrakt som spelar. I eit lengre intervju med NRK før nyttår sa nordfjordingen at han vurderte tilbod frå fleire klubbar. I dag jobbar Karadas som trenar i Brann 2.