Hopp til innhold

Øygarden-ordførar har framleis tillit til Erna Solberg

Ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik, seier han framleis har tillit til partileiar Erna Solberg etter aksjehandlane mannen hennar gjorde medan ho var statsminister.

Solberg seier torsdag i nye intervju om saka at det er opp til Høgre å vurdera rolla hennar.

– Ingenting er endra foreløpig, og eg meiner framleis at ho er den beste til å leia oss i 2025, seier Indrevik.

Han understrekar at det er Erna Solberg dei har eit forhold til, ikkje ektemannen Sindre Finnes.

Ordførar i Øygarden kommune Tom Georg Indrevik
Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK