Tysdag kom meldinga om at den kjende symjaren Alexander Dale Oen (26) frå Øygarden i Hordaland var død.
Ordførar i heimkommunen hans, Otto Harkestad, fortel at han fekk ei dårleg kjensle då han køyrde forbi huset i dag tidleg.
– Eg såg at det var mange bilar utanfor, og flagget var heist på halv stong. Eg kjenner jo alle i huset og veit at det berre er yngre folk. Ingen av dei skal døy, seier Harkestad.
– Ein av våre
Harkestad fortel at kommunen har støtta han gjennom mange år.
– Alexander har vore så dominerande i idrettsgreina si. Me er i sjokk. Det er jo eit lite samfunn, der alle kjenner alle. Alexander er ein av våre, så dette er ikkje til å forstå, seier Harkestad.
– Ufatteleg stor sorg
Olav Martin Vik var ordførar i Øygarden frå 2000 til 2011 og kjende Dale Oen personleg.
– Det er heilt ufatteleg at Alexander er død. Eg har jo fylgt han gjennom mange, mange år i Øygarden, heilt frå han var ein liten gut og til i dag. Me har sett fram til OL i London. Han har markert Øygarden og sett oss på kartet, seier Vik, som er sikker på at heile Øygarden vil sakna 26-åringen.