Hopp til innhold

Eit av Noregs største idrettslag kan berga Øygarden: – Vi har sagt ja til å sjå på saka

Den tradisjonsrike klubben TIF Viking kan bli redninga for det havarerte toppfotballprosjektet på Sotra. Laurdag spelar Øygarden FK det som kan bli lagets aller siste kamp.

Førstedivisjon i fotball 2020: Øygarden-Sandnes Ulf (2-1)

KONKURS: Storsatsinga Øygarden FK, som i 2020 tok over Nest-Sotra sin plass i Obosligaen, skuldar fleire millionar kroner og maktar ikkje betala rekningar. No kan likevel ein ukjend klubb vera redninga, fortel styreleiar i klubben.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Fredag kveld kom meldinga om at Øygarden FK var konkurs.

2. divisjonsklubben har ei gjeld på 5,8 millionar kroner som blei for tung å bere.

Men timar etter at fotballspelarane blei informerte og nyheita kom ut, kom kontrabeskjeden: Det kan vere håp likevel.

Det melde fotballklubben sjølv i ei pressemelding.

Ifølge Bergens Tidende kan redninga vere at Øygarden slår seg saman med bergensklubben TIF Viking. Dei har lag i 6. divisjon og i 7. divisjon. Dei hevdar seg i ei rekkje andre idrettar.

Ny klubb må ta over gjeld

TIF Viking bekreftar til NRK laurdag ettermiddag at dei har blitt kontakta av Øygarden. No går dei i tenkeboksen.

Marianne Sandahl Bjorøy, styreleiar i Øygarden FK, bekreftar til NRK at det i tolvte time dukka opp ei mogleg løysing med samanslåing.

Alternativet med samanslåinga var ukjent for henne fram til det blei lansert seint fredag kveld.

Marianne Bjorøy

HÅP: Marianne Sandahl Bjorøy, styreleiar i Øygarden FK, seier dei har håp om ei mogleg løysing for fotballklubben.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Det var heilt nytt for meg, seier ho.

Men om det er mogleg å få til ei slik løysing er uvisst. Det er nemleg fleire hindringar i vegen, forklarar ho.

Fotballforbundet har strenge reglar i høve lisensar og overtaking av desse. Som følge av den vanskelege økonomiske situasjonen til klubben, har dei ein del heftingar. Dette betyr at ein eventuell ny klubb vil få med seg alle gjelda til Øygarden FK.

Klubben manglar 3 millionar på å greie seg ut sesongen. Øygarden FK prøvde først å få pengehjelp med kommunen. Her fekk dei nei.

Heller ikkje sponsorane ville gå inn med meir midlar.

Nest-Sotra jubel

DEN GONG DÅ: Øygarden FK tok over OBOS-lisensen og toppseriesatsinga til Idrettslaget Nest-Sotra etter 2019-sesongen. Etter mange år med anstrengt økonomi skulle den nye storsatsinga, med felles forankring i heile kommunen Øygarden, gi toppfotballsatsinga på Ågotnes eit løft. Slik har det ikkje gått.

Foto: Jan Erik Storebø / Vestnytt

Viking vurderer samanslåing

Roger Gjelsvik. leiar i TIF Viking bekreftar at Øygarden FK tok kontakt med dei fredag kveld.

Vi har sagt ja til å sjå på saka og ta ei vurdering, seier Gjelsvik.

Men det er fleire moment som spelar inn, legg han til. Først må klubben vite om det er praktisk mogleg å få til ei samanslåing. Dette er det Norsk fotballforbund som må avgjere, og svaret får dei ikkje før på måndag.

Om det skulle gå i boks, må vi også ta stilling til det økonomiske, legg han til.

Øygarden FK har ei gjeld på nær 6 millionar, der 3 av dei må betalast innan året. Viking må finne ut kor mykje av gjelda dei får med seg på lasset og om dei har økonomiske musklar til dette.

Vi må også ta stilling til om vi som klubb ønskjer å ta ei rolle i denne fotballigaen. Er det noko som passar for oss?

Desse tre spørsmåla må styret i Viking finne ut i løpet av dei neste dagane.

Er det uvanleg å få slike førespurnader?

Ja, det må ein kunne seie, men samstundes har vi gjort dette før, både innan volleyball og handball. Det var kanskje difor dei tok kontakt med oss.

Blir avgjort i løpet av dei neste dagane

Sandahl Bjorøy seier dei i løpet av helga eller måndagen får svar på om klubben blir redda eller ikkje.

Før framtida til klubben blir endeleg avgjort, skal Øygarden spele kamp mot Ørn-Horten laurdag på Ågotnes stadion laurdag.

Styreleiaren trur det blir ein spesiell kamp, både for spelarane, supporterane og alle i klubben.

Gårsdagen var også ein dag med store svingingar:

– Å gi beskjed til eit lag om at det ikkje såg ut til at vi fann ei løysing, var ingen lett jobb. Men vi har også hatt mange opp- og nedturar den siste veka, seier ho.

No er styreleiaren avventande.

– Men vi skuldar spelarane å sjekke ut alle moglegheiter- sjølv om dei kjem i tolvte time. Den skuffelsen vi såg i ansiktet deira i går, den vil eg ikkje oppleve igjen. Men det er også ein balansegang, for kor mykje forhåpningar kan ein gi. Dei løysingane vi kjem med må vere hald i.