Øygarden får CO2-mottaksanlegg

Gassanova og Statoil offentleggjorde torsdag at eit mottaksanlegg for CO2 skal byggast på CCB Kollsnes i Øygarden. Anlegget skal mellomlagra CO2 frå landbasert industrianlegg med karbonfangst, før CO2'en injiserast i røyr og lagrast permanent under havnbotn. – Dette vil både gi arbeidsplassar og synergiar som til dømes spelvarme til annan industri, seier Øygarden-ordførar Børge Haugetun (TVØ) i ei pressemelding. I sluttfasen stod lokaliseringa mellom Mongstad, Stura og naturgassparken.

Haugetun
Foto: SØLVE RYDLAND / NRK