Hopp til innhold

Øyfolket blei fullstendig isolert då ferja forsvann: – Dette er ikkje haldbart

Lokalbefolkninga på Varaldsøy rasar etter å ha blitt isolerte i over åtte timar då ferja som går til øya måtte hjelpe ei annan ferje med motorstopp. – Dette var ein katastrofe for oss, seier øybuar Christian Solsvik Haukenes.

Lokalbefolkning Varaldsøy

FERJELAUSE: Befolkninga på Varaldsøy kom seg ikkje av flekken då Fjord 1 valde å ta den einaste ferja som kan legge til på øya ut av sambandet.

Foto: Kristine Lokøy Haukenes

Ferja MS «Solskjel» er den einaste ferja som kan legge til på Varaldsøy i Kvinnherad. Den andre ferja som trafikkerer i sambandet er nemleg for stor for kaien på øya.

Det var i sju-tida torsdag morgon det kom melding frå Fjord 1 om at ferja i rute 2 på sambandet Gjermundshavn-Varaldsøy-Årnes var mellombels innstilt.

Årsaka var at ferja måtte takast ut av trafikk for å slepe ferja MF «Samlafjord», som hadde mista framdrifta mellom Jondal og Tørvikbygd.

Kom ikkje av garde

Dermed blei øysamfunnet fullstendig isolert og ingen kom seg verken til jobb eller skole torsdag morgon.

– Dette er forbaska irriterande for veldig mange. Gutungen vår skulle ut i Nordsjøen, men kunne ikkje reise. Dottera vår er lærling og kom seg ikkje på jobb. Sjølv mista eg ein legetime på Os, fortel Christian Solsvik Haukenes.

Han er sterkt kritisk til at Fjord 1 valde å sende MF «Solskjel» til slepeoppdraget. Ferja fungerer også som beredskapsferje for heile øysamfunnet.

– Eg har full forståing for at dei må sende ei ferje, men då må dei ikkje sende den ferja som har beredskap. Kva hadde dei gjort om nokon plutseleg trengde akutt hjelp? Dette er ikkje haldbart, sier Haukenes.

Saka blei først omtala av lokalavisa Grenda.

Først klokka halv fire var MF «Solskjel» tilbake i drift i sambandet. Etter planen skulle ferja ha vore tilbake klokka 13, men blei forsinka etter at også den fekk tekniske problem.

Ferjeselskapet beklagar

Regionleiar i Fjord 1, Geir Vangen, beklagar at innbyggarane blei ståande utan ferje ein heil dag.

– Vi er veldig klar over at dette får konsekvensar, og det beklagar vi. Men når slike situasjonar oppstår, er vi nøydd til å prøve å hjelpe til, seier Vangen.

– Kvifor sende de ikkje den andre ferja til oppdraget?

– Det var ein vurdering som blei gjort då vi sette beredskap. Dette var den ferja som vi raskast kunne få på plass, seier Vangen.

Han legg til at Fjord 1 kjem til å sette inn ein hurtigbåt i sambandet frå midnatt, og at ferja vil vere klar igjen i morgon tidleg.

Hans Inge Myrvold, Kvinnherad Sp

VIL HA SVAR: Kvinnherad-ordførar Hans Inge Myrvold har kontakta Skyss og bedt om ei forklaring.

Foto: Tale Hauso / NRK

Kritisk ordførar

Ordførar i Kvinnherad, Hans Inge Myrvold (Sp), er ikkje nøgd med forklaringa til Fjord1.

– Eg forstår nesten ikkje korleis denne situasjonen kunne oppstå. Eg er veldig kritisk til at ein, etter mitt skjønn, ikkje gjer ei betre vurdering for kva slags fartøy ein skal ta ut av dette sambandet, seier Myrvold.

Det er kollektivselskapet Skyss som har det formelle ansvaret for ferjeavviklinga i sambandet.

Myrvold seier at han i dag har vore i kontakt med selskapet og bedt om ei forklaring.

– Det eine eg vil vite er korleis dette kunne skje, og det andre er kva det står i kontrakten med Fjord 1 om beredskapsstatusen til denne ferja. Førebels ventar eg på svar, seier Myrvold.