– Det var ikkje lett.
Sonja Jensona snakkar om fyrste gong ho gjekk inn døra på treningssenteret, og ho følte at alle såg hennar veg.
– Du ser kanskje ikkje ut som det du trur at alle andre meiner du skal gjere, forklarar ho.
Ho har trent stort sett heile livet, men har slite med overvekt og sjølvbiletet. Då kan vegen til treningssenteret bli lang.
Det same melder mange Jodel-brukarar:
Grunnlag til å kvi seg
– Det er eit paradoks at me oppfordrar personar med overvekt og fedme til å trene, og samtidig har strategiar for å stenge dei ute, seier Gro Rugseth, førsteamanuensis ved Noregs idrettshøgskole (NIH).
Covid-19-pandemien har hatt følgjer for aktivitetsnivå, vekt og kosthald. Det viser Den nasjonale folkehelseundersøkinga frå Folkehelseinstituttet (FHI).
Endringa er størst blant yngre vaksne. 34 prosent av dei mellom 18 og 24 år svarer at dei har gått opp i vekt i løpet av pandemien.
Samtidig viser statistikken at vekta til vernepliktige 18-åringar har gjort eit byks.
Samanfatta: Det har blitt meir normalt å vere overvektig enn å ha «normalvekt».
Då er det eit paradoks at treningssentera ikkje kjem dei som treng det meir i møte, seier Rugseth.
– Til dømes ved å bruke bilete av ulike kroppsfasongar i reklame. No tek dei utgangspunkt i ein taus norm om korleis kroppar som trener skal sjå ut.
Ho legg til at personar med overvekt og fedme også er meir utsett for ubehagelege blikk og kommentarar frå andre kundar.
IKKJE ULIKE FASONGAR: Eksempel på bilete frå treningssenter som med fordel kunne inneheldt fleire ulike kroppstypar, meiner Rugseth.
Foto: Kzenon– Så «intimidating» at dei let vere å trene
Nettopp derfor har den amerikanske treningskjeda «Downsize Fitness» laga ein regel om at dei berre tek imot medlemmer som ønsker å gå ned 23 kilo eller meir.
– Å gå på helsestudio kan vere ubehageleg, særleg for personar med ekstrem overvekt og fedme. For mange er det så tøft og «intimidating» at dei i staden let vere å trene, skriv treningsekspert og Nettavisen-bloggar Cornelis Elander.
Eirik Flatjord er dagleg leiar ved treningssenteret Puls i Førde. Han forstår at enkelte kan kvi seg for å kome på ein ny plass, uavhengig av vekt.
– Kanskje dei har tankar om at folk er kjempegode. Det er ofte dei tankane folk har når det gjeld treningssenter, men så er det vår jobb å skape trygge rammer, skape treningsglede og meistring frå dag ein.
– Kva konkret gjer de for å få alle til å føle seg velkomne?
– Me er opptekne av å skape eit triveleg og trygt treningsmiljø. Resepsjonen skal alltid seie hei og ha det, og den personlege trenaren skal vere flink på å tilpasse treninga etter kunden sitt nivå.
IKKJE GREITT: – Om du ønsker å dra på treningssenter og føler deg avgrensa på grunn av kroppen din, er det ikkje greitt, seier Mette-Mari Graff i Landsforeningen for overvektige.
Foto: AFPEi kjent utfordring
– Om du ønsker å dra på treningssenter og føler deg avgrensa på grunn av kroppen din, er det ikkje greitt. Me må kunna forventa at alle får like moglegheiter uavhengig av vekt og andre ytre kjenneteikn, seier Mette-Mari Graff i Landsforeningen for overvektige.
Studiar viser at genar kan vere opp til 80 prosent av forklaringa på kvifor nokon blir tynne og andre tjukke. Resten av forklaringa kan ein knytte til miljø.
– Overvekt er ein samansett sjukdom. Det er altså ein medisinsk tilstand, og ikkje ein moralsk ein. Er det ein ting som ikkje kurerer overvekt, så er det ein moralsk peikefinger.
For Jensona er har det blitt lettare og lettare å kome seg på treningssenter, sjølv om terskelen blir høgare igjen ved lengre opphald. Ho har eit tydeleg mål med treninga si.
– Det er for å bli i betre form og godta meg sjølv som eg er. Om eg klarer å gå ned i vekt, så er det ein bonus.
BETRE HELSE: – Det er klart at helsa blir betre når eg trener, seier Sonja Jensona.
Foto: Ingeborg Undheim / NRK