Hopp til innhold

Verdas lengste vegtunnel har overvaking - men systemet har ikkje verka på lang tid

Overvakingssystemet for trafikk inn og ut av Lærdalstunnelen er ute av drift. Dette kan få konsekvensar ved ein redningsaksjon, meiner brannsjef i Aurland, Arvid Gilje.

Lærdalstunnelen

MANGLAR OVERVAKINGSSYSTEM: Lærdalstunnelen sitt overvakingssystem for trafikk inn og ut av tunnelen verkar ikkje.

Foto: NRK

– Overvakingssystemet har vi tatt ut fordi vi ikkje har klart å halde systemet i funksjon. Vi har fått ein del feil, og det har ikkje fungert slik vi ønskjer, seier regionvegsjef, Paal Fosdal til NRK.

Det er Statens vegvesen sitt utstyr, såkalla «Tunsafe» – som held kontroll med alle køyretøy som køyrer inn og ut av tunnelen. I Lærdalstunnelen - nabotunnel til Gudvangatunnelen, og verdas lengste vegtunnel - vart systemet installert som eit pilotprosjekt

Her skulle alle bilar som køyrer inn og ut av tunnelen bli fotografert, slik at ein har kontroll med kor mange køyretøy som er inne i tunnelen. Brannvesenet i Aurland har Tunsafe inne i sine beredskapsplanar.

No blir Tunsafe fjerna frå fleire tunnelar i landet.

– Går ikkje utover sikkerheita

Fosdal seier at systemet kan vere nyttig for eit eventuelt redningsarbeid, men seier at det ikkje vil gå ut over tryggleiken i tunnelen dersom systemet ikkje er på plass.

– Vi meiner at det ikkje vil gå ut over tryggleiken i Lærdalstunnelen at systemet ikkje er på plass, men eg forstår at det kan lette bergingsarbeidet fordi ein kan sjå kva bilar som oppheld seg i tunnelen, seier Fosdal.

Han understrekar at Tunsafe ikkje er ein del av tunnelens tryggleikssystem, og at alt påkravd tryggleikssystem er på plass.

Han har på spørsmål frå NRK ikkje svar på kor lenge det er sidan overvakingssystemet vart teke ut av drift.

Hastar å få systemet på plass

Brannsjefen i Aurland, Arvid Gilje, meiner alle tunnelar burde ha eit slikt system, og at det vil gjere redningsarbeid i tunnelar mykje enklare.

Det vil kunne gi brannvesenet rast oversikt over tal bilar i tunnelen, kva type bilar det er snakk om - og ikkje minst kva last vogntog fraktar.

Måndag tok det til å brenne i ein semitrailer i Gudvangatunnelen på E16. 75 personar vart evakuert og frakta til sjukehus etter tunnelbrannen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gudvangatunnelen

BRANN I GUDVANGATUNNELEN: Måndag tok ein semitrailer fyr inne i Gudvangatunnelen.

Foto: NRK
Gilje

HASTAR: Brannsjef i Aurland, Arvid Gilje, meiner det vil gjere bergingsarbeid i tunnelar mykje enklare med eit fungerande overvåkingssystem.

Foto: Steinar Lote/NRK

– Hadde vi hatt dette systemet i Gudvangatunnelen, så hadde vi visst med ein gang kva bilar som stod att i tunnelen. No var det jo kaos, vi visste ingenting då vi rykte ut, seier brannsjefen.

Statens vegvesen ser ikkje på tunnelar utan systemet som utrygge. Likevel jobbar dei no med eit alternativ til systemet, utan at dei kan sei noko om kor tid eit liknande system vil vere på plass.

Brannsjefen seier at det må skje fort.

– Det hastar å få eit overvakingssystem på plass. Det vil gjere tunnelar mykje tryggare, seier Gilje.

I dag skriv BT om eit system i Austerrike, der vogntog vert skanna før dei køyrer inn i tunnelar. Scanneren skal avsløre om vogntog er overoppheita, noko som skal forhindre tunnelbrannar.