Hopp til innhold

Sørga over faren i tre veker - så tok arbeidet til

Tanken på faren gjorde det lettare for Preben Moen (22), då han brått vart kasta inn i rolla som hotellsjef etter at far hans døydde brått.

Preben Moen (22) hadde allereie sagt ja til å overta Gloppen hotell etter faren, Dag Moen. Men det skjedde litt meir brått enn venta, då Dag døydde i påska.

SJEF OVER NATTA: 22-årige Preben Moen overtok Gloppen hotell då far hans, Dag Moen, tidlegare hotelleigar, døydde brått i påska.

Tidlegare eigar av Gloppen Hotell, Dag Moen, døydde brått i påska i år. Berre nokre veker før hadde sonen, Preben Moen (22) sagt ja til å overta hotellet slik at foreldra kunne få litt meir fri. Han hadde aldri venta at overgangen skulle bli så brå.

I mars reiste han heim frå jobben sin som restaurantkokk i Tønsberg for å hjelpe til på familien sitt hotell på Sandane. Då foreldra reiste på ferie til Gran Canaria vart Preben igjen for å passe hotellet.

– Vi hadde ein onsdagsfest for lokalbefolkninga, ein Gloppefest som vi kallar det. Neste morgon fekk eg ein telefon frå mor på Gran Canaria. Og då, ja. Då var vi vekke tre veker frå hotellet, og etter gravferda var vi tilbake i full jobb, fortel Preben.

Tøff omvelting

Han har hatt ei tøff omvelting i livssituasjonen. Ikkje berre mista han ein far altfor tidleg, men han måtte også overta hovudansvaret for eit heilt hotell, lenge før planen.

– Omveltinga har vore tøff, men det ligg mykje i at pappa berre hadde lyst at vi skulle tilbake. Det gjer det enklare. Kvar gong eg tenkjer på han tenkjer eg på han som ein glad hotellmann, og då er det lettare å komme tilbake, seier han.

Han er landets yngste hotellsjef, og har fått mykje merksemd i media for dette. Men han kjenner hotellet godt, då han så å seie har vakse opp der. Rom 105 var rommet hans då, og no har han flytta tilbake til barndomsrommet.

– Eg var ungen til alle dei tilsette. Når eg kom heim frå skulen var det dei som hadde tid som sette seg ned og hjelpte meg med leksene. Det er mange små historier. Blant anna har eg sprunge inn til fiskarane og klart å velte konjakken deira. Så det var ei gruppe på rundt ti som ikkje var så glad i Preben.

Vaks opp på hotellet

Men å ha budd store delar av barndommen sin på hotellet har gitt han gode eigenskapar, meiner den ferske hotellsjefen.

– Du vert nok veldig sjølvstendig. Det var ikkje alltid mamma og pappa hadde tid til meg. Eg måtte heim og lage middag sjølv og hjelpe veslebroren min som er fem år yngre, fortel Preben.

Og sjølv om han no føler han taklar si nye og krevjande rolle som hotellsjef, seier han at det aldri hadde gått utan mor hans.

– Ho har vore ryggrada her på hotellet i tjue år, så det hadde ikkje gått for pappa heller utan ho.