Hopp til innhold

Overlevde DAB, men no er lokalradioane truga av dårleg rekruttering

GAUPNE (NRK): Trass truslar om FM-nedstenging og dårlege økonomiske kår står lokalradioen framleis sterkt i Noreg. No lurar ein ny trussel: generasjonsskifte.

Finn Skare i studio til Radio Luster

GAMMAL TRAVAR: Finn Skare har vore aktiv medlem i Radio Luster sidan 1986. Han skulle gjerne hatt fleire unge kollegaer.

Foto: Synne Sørenes / NRK

– Eg gjer dette berre fordi det er gøy, fortel Finn Skare.

Saman med vel 20 andre frivillige driv han Radio Luster, ein av mange aktive lokalradioar i Noreg.

Dei siste åra har dei fått fleire lyttarar, og under koronautbrotet i mars skaut salet av bingoblokker til den populære radiobingoen i vêret.

No har dei investert i ny teknologi med nytt telefonsystem og ny miksepult.

Likevel er det noko dei ikkje kan modernisere.

– Sett bort ifrå to programleiarar er me alle mellom 68 og 85 år, fortel pensjonisten, som sjølv har vore frivillig nesten sidan oppstarten i 1985.

Han fortel at han gjerne vil ha nye, yngre frivillige inn i lokalradioen, men at det er vanskeleg å komme i kontakt med «fjortisen».

Nedlegging grunna frivilligmangel

Leiar i Norsk Lokalradioforening, Pål Lomeland, fortel at det berre blir vanskelegare og vanskelegare å rekruttere nye frivillige til lokalradioar over heile landet.

– Særleg yngre radioentusiastar som glimrar med sitt fråvær, seier Lomeland.

I det siste er det fleire lokalradioar som har måtte leggje ned grunna mangel på frivillige.

– Tida der folk stod i kø for å lage radio er definitivt forbi.

Lomeland legg til at lokalradioen har vore ein viktig bidragsytar og berebjelke i det norske mediemangfaldet i fleire tiår.

Pål Lomeland i sofa framfor gammal radio

VIKTIG: Lokalradioen er viktig for det norske mediemangfaldet, meiner Pål Lomeland i Norsk Lokalradioforening.

Foto: Jacob Buchard / Norsk lokalradioforbund

Framleis på FM-nettet

Då dei store, riksdekkande radiokanalane meldte overgang til DAB-nettet, vart framtida til lokalradioen usikker. Likevel opplevde fleire lokalradioar ei auke i lyttarar.

– Det er framleis mange som har bilar utan DAB, fortel Skare, som meiner fleire lyttar til Radio Luster sine sendingar no enn tidlegare.

Nyleg fekk dei, og fleire andre lokalradioar, konsesjon til å sende på FM-nettet ut året 2026. Etter det er det uvisst kva som vil skje.

Sjølv om FM-nettet kan lukkast for godt, er Skare usikker om dei vil gå over på DAB, slik fleire andre lokalradioar har gjort.

– Å gå over på DAB-nettet er frykteleg dyrt. Men det er klart me vil fortsetje å sende radio på eitt eller anna vis, fortel radioveteranen.

Aller helst med fleire yngre, radioglade frivillige med på laget.

Caroline Sætrehaug og familien på kjøpesenteret i Gaupne

LYTTAR PÅ LOKALEN: For Caroline Sætrehaug og familien har lokalradioen vore ekstra gjevande under koronapandemien.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Viktig for lokalmiljøet

I sentrum Gaupne er fleire av dei lokale glade for å ha ein nærradio å lytte til.

– Det er greitt å få med seg lokalstoffet, fortel Arve Kveane.

Han sit på kafe med fleire sambygdingar, som er einige i at Radio Luster er ein viktig bidragsytar i lokalmiljøet. Der høyrer dei om store og små hendingar – alltid med ein lokal vri, slik som lokale tiltak knytt til koronapandemien.

– Dei har jo radiobingo. No kan vi ikkje komme oss like mykje ut som før, og då har det vore kjekt å spele radiobingo saman, seier Caroline Sætrehaug.