Hopp til innhold

Overlegen vedgår feil

Overlege og avdelingssjef ved ortopediklinikken i Lærdal, Truls Jellestad, vedgår at han har gjort feil i samband med innkjøp av utstyr.

Truls Jellestad
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Revisorrapporten som vart offentleggjort i dag konkluderer med at deler av kjøpa er klare brot på lova om offentlege innkjøp.

- Jellestad tek ansvar for feila, men held fast på at han handla i god tru.

- Min del av ansvaret kan eg ikkje gå frå. Det er klart at eg har eit formelt og organisatorisk ansvar som klinikksjef, og det må eg forhalde meg til

- Kva har du gjort feil?

- Ideelt sett burde vi ha sytt for at avtalen omkring innkjøp og bruk av utstyret og protesene hadde vore på plass på ein betre måte. Men som sagt, eg har stolt på at dette var ivareteke av administrative organ kring meg. Eg har kanskje i forliten grad tenkt på dette som eit personleg ansvar, seier Jellestad.