Hopp til innhold

Koronasmitta overlege utførte to operasjonar: – Vondt å tenke på at eg kan ha smitta andre

Overlegen ved Førde sentralsjukehus såg det som usannsynleg at han kunne vera smitta av korona og gjekk på jobb i to dagar.

Langballe Dalin

– VONDT Å TENKJE PÅ: Marius Dalin likar ikkje tanken på at han kan ha smitta pasientar på jobb ved Førde sentralsjukehus

Foto: ANNA GYTRI / NRK

– Det er vondt å tenke på at eg kanskje kan ha smitta pasientar. Heldigvis var eg i alle fall litt føre var og heldt meg unna dei meir sårbare av pasientane våre, seier urolog og overlege Marius Dalin ved Førde sentralsjukehus.

Det var avisa Firda som først omtalte saka.

Førre veke kjente han på lette symptom, men gjekk likevel på jobb i to dagar.

Sidan han berre hadde vore i nærområdet og ikkje hadde vore i kontakt med nokon som hadde vore i risikoområder, såg han det som usannsynleg at han skulle vere smitta av korona.

– No er eg heime i isolasjon, og familien er i karantene. Ingen av dei andre i familien har symptom enno, seier Dalin.

Tysdag er 72 tilsette i Helse Førde i karantene. Ingen er innlagde på sjukehuset med koronasmitte. Dagkirurgisk senter er stengd nettopp fordi mange tilsette er i karantene.

Hadde ikkje feber

Overlegen i Førde har ikkje vore på reise dei siste tre vekene, men fortel at han har treft mange personar privat, jobb og gjennom politikken, som kommunepolitikar for MDG i Sunnfjord.

No ynskjer han å fortelje historia si som ei oppmoding om at folk må ta situasjonen på alvor.

– Eg har heldigvis milde og handterlege symptom. Men det vil ikkje vere tilfellet for andre.

Dalin seier han fekk lette symptom 12. mars med lett sår hals, litt rennande nase, lett hovudverk og litt redusert allmenntilstand. Han tenkte først at hovudverken kom av dårleg nattesøvn og lite drikke.

– Eg hadde verken feberkjensle, pusteproblem eller brystsmerter, så eg såg på symptoma som ganske uskuldige. Hovudverken letta nesten heilt då eg fekk med i meg rikeleg med drikke. Eg følte meg fint i form til å gå på jobb.

Sentralsjukehuset i Førde

VAR PÅ JOBB I TO DAGAR: Marius Dalin, overlege ved Førde sentralsjukehus var på jobb i to dagar medan han var smitteberande med koronaviruset.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Gjennomførte to hasteoperasjonar

To av kollegaene hans var allereie i karantene. På jobb venta ein krevjande hasteoperasjon.

– Konsekvensen av å ikkje møte på jobb ville i beste fall vere ei uheldig utsetting av inngrepet. Eg gjekk på jobb, men unngjekk annan pasientkontakt enn med den eg opererte.

Dagen etter heldt han seg unna unødig pasientkontakt, fortel han, men gjennomførte ein anna hasteoperasjon.

– Sidan eg var utanfor kriteria for tilrådd testing, frårådde sjefen meg å ta slik test. Eg såg han hadde rett i at eg var utanfor kriteria og aksepterte dette inntil vidare.

Direktør i Helse Førde, Arve Varden, seier dei har god oversikt over kor mange pasientar og andre tilsette legen har vore i kontakt med.

Helse Førde ønskjer elles ikkje å kommentere saka.

Arve Varden, Helse Førde

DIREKTØR: Arve Varden i Helse Førde.

Foto: Steinar Lote / NRK

Har vore smitteførande sidan 11. mars

Søndag 15. mars bestemte Dalin seg for å ta ein test, etter å ha høyrt nye råd frå helsemyndigheitene. Han rekna med testen ville vere negativ og at han kunne gå på jobb igjen måndag.

Men måndag fekk han telefon frå kommuneoverlegen om at han hadde testa positivt på koronaviruset.

– Det var ein lettare sjokkerande beskjed å få, seier Dalin.

Kommuneoverlegen meiner overlegen hadde vore smitteførande frå og med 11. mars.

Dalin oppmodar no alle om å følgje råda frå myndigheitene, både når det gjeld kontakt med andre, karantereglar og ikkje minst handvask.