Hopp til innhold

Overlege får kritikk frå fylkeslegen

Ein overlege i Helse Førde får kritikk frå fylkeslegen. Behandlinga av to pasientar var ikkje forsvarleg eller i tråd med god praksis.

Førde sentralsjukehus om natta

KRITIKK: Ein overlege får kritikk frå fylkeslegen etter behandling av to pasientar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det er fylkesmannen som melder på sine nettsider at behandlingsgangen viser ein kjede av svikt.

I den eine saka var diagnostikk og behandling ikkje fagleg forsvarleg. Legen fekk også kritikk for journalføring, dårleg kommunikasjon og manglande informert samtykke.

Fylkesmannen skriv på sine nettsider at informert samtykke og rett til medverknad er grunnlag for samarbeidet mellom lege og pasient om behandling.

– Legar skal legge til rette for god kommunikasjon og gi tilstrekkeleg informasjon for slik å oppnå informert samtykke og pasientmedverknad i behandlinga.