Overgrepssikta lærar tidlegare etterforska for seksuell handling med barn under 16

Den varetektsfengsla læraren på ein skule i Bergen har tidlegare vore politimeldt og etterforska for seksuell handling med barn under 16 år.

Politiadvokat Celin Hauge Andersen i Vest politidistrikt.

TIDLEGARE POLITIMELDT: Den overgrepssikta læraren i Bergen har tidlegare vore politimeldt for seksuell handling med barn under 16 år, opplyser politiadvokat Celin Hauge Andersen til NRK.

Foto: Julianne Bråten Mossing / NRK

NRK rettar: I ein tidlegare versjon av tittelen til artikkelen stod det at læraren tidlegare hadde vore sikta. Det er feil. Han har vore politimeldt og etterforska. NRK beklagar feilen.

Torsdag blei ein lærar på småtrinnet på ein skule i Bergen pågripen. Laurdag vart han varetektsfengsla i fire veker og sikta for valdtekt av barn under 14 år, i tillegg til seksuell handling med barn under 16 år.

– Den sikta har tidlegare vore politimeldt for seksuell handling med barn under 16 år, i 2019, skriv politiadvokat Celin Hauge Andersen i ein SMS til NRK.

Ho opplyser at saka blei etterforska og lagt bort på bevisets stilling.

– I lys av dei forhold den sikta no er mistenkt for, er det naturleg at politiet ser på denne saka på ny, skriv Andersen.

Vart nyleg kontaktlærar

Måndag kunne NRK melda at mannen blei kontaktlærar på skulen der han jobba i august. Førre skuleår underviste mannen som vikar.

Sundag stadfesta politiet at dei etterforska eit seksuelt overgrep som skal ha skjedd på skulen sitt område.

Mannen skal også ha jobba tett med ungdommar og barn under 18 år i eit idrettslag i Bergen.

Hei!

Har du tips i denne saken? Send meg gjerne en e-post! 

Politiet har avdekka at det kan vera fleire barn som er utsett for fysiske overgrep.

I tida før pågripinga skal mannen ha lasta ned store mengder overgrepsmateriale.

Krav om politiattest

Læraren er ikkje tidlegare domfelt eller fengsla.

For å bli tilsett på skule må ein leggja fram ein type politiattest som i politiregisterlova blir kalla ein barneomsorgsattest.

Av den skal det framgå om den som skal bli tilsett anten har blitt sikta, tiltalt, har vedteke førelegg eller er dømt for overtreding av ei rekke lovar og paragrafar. Mange paragrafane som skal takast med gjeld seksuallovbrot mot barn.

Men det skal altså ikkje takast med om ein har blitt meldt til politiet eller etterforska for eit mogeleg lovbrot.

– Det einaste verktøyet me har tilgang til er politiattest. Viss det ikkje kjem fram noko av politiattesten, vil heller ikkje me kunne leggja til grunn at det er noko som tilseier at vedkomande ikkje kan arbeida i skule eller barnehage, seier Marius Arnason Bøe, kommunaldirektør for byrådsavdeling for barnehage, skule og idrett i Bergen.

Han uttalar seg på generelt grunnlag om korleis ein tilsetjingsprosess føregår i Bergen kommune.

– Me har eit stort ansvar i den forstand at det skal vera heilt trygt å senda barna sine på barnehage og skule. Difor brukar me dei verktøya me har. I denne samanhengen er det politiattest, seier Bøe.

Kommunaldirektør Marius Arnason Bøe i Bergen kommune.

VERKTØY: Kommunaldirektør for byrådsavdeling for barnehage, skule og idrett i Bergen, Marius Arnason Bøe, seier kommunen brukar dei verktøya dei har i ein tilsetjingsprosess ved skulane i Bergen.

Foto: Sjur Mikal Dolve