Hopp til innhold

Overgrepsmottaket er berga

TRONVIK (NRK): Overgrepsmottaket ved Førde Sentralsjukehus får halde fram i si noverande form.

Førde sentralsjukehus

BERGAR MOTTAKET: Overgrepsmottaket ved Førde sentralsjukehus får halde fram.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det kom fram under styremøtet til Helse Førde på Tronvik i dag.

Det har skapt mykje merksemd at overgrepsmottaket truleg måtte leggast ned frå 1. april då kommunane fekk ansvar for saker knytt til vald i nære relasjonar.

Vidar Roset

BERGAR TILBODET: Overgrepsmottaket ved Førde sentralsjukehus får halde fram.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Samhandlingssjef Vidar Roset i Helse Førde seier dei no har klart å berge overgrepsmottaket og tilbodet ved vald i nære relasjonar ved sentralsjukehuset.

– Det ser ut til at det blir ein realitet med eit felles overgrepsmottak. Helse Førde og kommunane i fylket samarbeider om å løyse tenestene. Det som gjeld seksuelle overgrep kunne spesialisthelsetenesta teke seg av sjølv, men vi ser at det er visse fordelar at tenesta blir samla ein stad, seier han.

Framtdia var uviss

Sidan 2012 har dei tilsette ved mottaket i Førde teke imot, behandla og teke vare på valdtektsoffer og andre som er utsette for seksuell vald rundt om i kommunane. Dei har også hatt fleire saker som gjeld vald i nære relasjonar.

Mottaket har vore organisert av Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevaktsamarbeid (SYS IKL), og kommunane i fylket har vore med å betale for tilbodet.

Men framtida for mottaket har ei stund vore uviss. Kommunane har nemleg ikkje klart å bli samde om ein avtale for vidare drift, spesielt etter at ansvarsfordelinga vart endra.

Trur på ei god teneste

No seier Vidar Roset at dei aller fleste kommunane sluttar opp om eit samla overgrepsmottak.

– Slik eg vurderer det no, blir mottaket ein realitet, i alle fall for 2016.

– Kor viktig er det å få dette på plass dette igjen frå 1. april?

– Det blir ei kvalitetsmessig betre teneste for dei som er offer for overgrep og vald. Det er såpass få tilfelle i løpet av eit år, at det er ein fordel å få ei viss trening og dermed meir kompetanse når ein samlar dette tilbodet.

Roset seier også at nokre av tenestene som Statens barnehus har, som til dømes avhøyr av barn og ungdom som har blitt utsett for overgrep, kan leggast til overgrepsmottaket i Førde.

– Vi kan få ein satellitt av barnehuset som ligg i Bergen. Det betyr at born og pårørande slepp å reise dit for avhøyr, seier han