Hopp til innhold

Overgjekk sine eigne forventingar

Sander Svartemyr Virkesdal (13) frå Brekke er blant juniorane som har gjort det svært bra under landsskyttarstemnet.

virkesdal

GODT NØGD: Sander Svartemyr Virkesdal frå Brekke har gjort det svært godt under landskyttarstemne

Foto: Privat

Virkesdal vart nummer to i rekrutt, nummer seks i feltskyting og nummer tre i noregsmeisterskapen i skogsløp.

– Eg veldig godt nøgd. Eg trudde eg skulle kome rundt 20.-plass på felt og bane så dette er langt over forventingane mine, fortel han.

Seks innertiarar

Den unge skyttaren frå Oppedal/Brekke skyttarlag var berre nokre få innertiarar frå å ta fyrsteplassen under baneskytinga.

– Eg er spesielt godt fornøgd med andreplassen på bane, fordi eg skaut 100 av 100 mogleg poeng og seks av skota var innertiarar, seier Virkesdal

Landsskyttarstemne på Lesja samlar mange tusen til skyttarfest, og skyttarane kjenner på presset før skota skal fyrast av.

– Ein veit ein må prestere, så eg kjenner på spenninga og nervøsiteten, seier 13-åringen.

Gler seg til heimebane

Fleire skyttarar frå Oppedal/Brekke skyttarlag har gjort det godt under stemnet og Virkesdal trur det gode samhaldet er årsaka.

– Vi er veldig gode vener. Vi trenar og reiser på konkurranse i lag, og ønskjer kvarandre lukke til før vi skal ut å skyte på landsskyttarstemnet, fortel den unge skyttaren.

Virkesdal har allereie vore på landsskyttarstemne to gongar tidlegare, men vil ikkje kalle seg ein veteran. No gler han seg til landsskyttarstemne kjem til Førde om to år.

– Eg skal vere med der også, men kanskje eg vert meir nervøs av å vere på heimebane, seier 13-åringen.

– God rekruttering

Knut Grinde, som er kretsleiar for det frivillige Skyttarvesenet i Sogn og Fjordane, er skuffa over veteranane, men er glad for at dei unge har gjort det godt.

– Rekrutteringa til skyting er god og vi har veldig mange dyktige rekruttar og juniorar. Vi ser jo det når Virkesdal berre er nokre innertiarar frå å ta sigeren, fortel Grinde.

I dag fredag er det feltskyting som står på programmet på Lesja.