Overfløyming og ras på Vestlandet – tok med seg to naust

Store nedbørsmengder har ført til jordras og flaum fleire stader på Vestlandet. Brannvesenet har fått over hundre meldingar om kjellarar som står under vatn.

Steinras Vangsnes

STEINRAS: På vegen frå Vangsnes ferjekai mot Feios i Sognefjorden gjekk eit steinras torsdag kveld. Innbyggarane på eine sida må skyssast med båt.

Foto: Agna Lucke

Noregs vassdrags og energidirektorat (NVE) sende torsdag kveld ut flaumvarsel.

– Det er spesielt i Møre og Romsdal og nord i Vestland som er spesielt utsette, sa vakthavande ved flaumvarslingtenesta, Trine Jahr Heggdal.

Varselet kom i tillegg til jord og flaumskredvarselet som vart sendt ut tysdag.

Årsaka til det tredje varselet er at vassføringa har vist seg å vere høgare enn det prognosane først tilsa.

På Hustadneset i Ørsta har det gått to jordras, og det siste tok med seg to naust ned i sjøen. Vegen inn dit er stengd.

Ny vurdering fredag klokka 09

Langs Førdefjorden i Sunnfjord var fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll stengd ved Hundsåna grunna fare for ras. Denne vegen vart opna igjen klokka 08 fredag.

Ved Sognefjorden vart fylkesvegen mellom Vangsnes og Feios stengd på grunn av steinras ved Feiostunnelen. Innbyggarane på andre sida av fylkesvegen er innestengde, og Vik kommune opplyser at det er sett opp båtrute.

Her vil Vegvesenet gjere ei ny vurdering klokka 09 fredag.

Jordras ras Hustadnes Sæbø Ørsta

REIV NAUST: På Hustadneset i Ørsta har det gått to ras torsdag. Bildet viser det første, mens det andre tok med seg to naust ned i fjorden.

Foto: John Urkegjerde

Måtte søke skyss i traktorar

I Stardalen i Sunnfjord flauma vegen over og innbyggarane måtte søke skyss i traktorar for å kome seg heim.

– Me var fleire så måtte parkere på andre sida og få skyss. Men vi ordnar oss på små plassar og hjelper kvarandre, seier innbyggar Narve Heggheim.

Denne vegen vart opna igjen i åtte-tida fredag morgon.

JØLSTER: Fylkesvegen frå Klakegg til Fonn i Stardalen er mellombels stengd på grunn av flaum.

FOTO: Narve Heggheim

I Møre og Romsdal har brannvesenet fått over hundre meldingar om vassinntrengingar, dei aller fleste på Nordmøre. I Kristiansund har opptil 20 personar venta i kø på å få låne pumpe.

– Vi har hatt ein hektisk ettermiddag og kveld, med opptil éin meter i dei verste kjellarane. Vi har ei liste og vil jobbe utover natta, seier operasjonsleiar Paul Ola Vestre i 110-sentralen.

Ronny fekk kjellaren full: – Katastrofe

Ronny Mahle i bydelen Brunsvika i Kristiansund fekk 67 centimeter med vatn ned i kjellaren.

Ronny Mahle i Kristiansund

IKKJE OPPLEVD MAKEN: Ronny Mahle i Kristiansund har fått kjellaren full av vatn.

Foto: Marius Andre Jenssen Stenberg / NRK

– Det er katastrofe. Det må rivast i alle vegger og golv, for det ikkje reint vatn, seier Mahle.

Etter å ha venta i kø, fekk dei til slutt tilgang på pumpe, og vatnet er på veg ned.

–Har du opplevd liknande før?

– Nei, dette er første gongen vi har opplevd noko slikt, og vi har budd her i snart 20 år. Vi får berre vente og skrive opp alt som er øydelagt, seier han.

Kjellaren til Ronny Mahle ble fylt med 67 centimeter vatn.

Fleire stengde vegar

Regn, vind og til og med snø i høgda fører til vanskelege køyreforhold fleire stader. Fylkesveg 63 er stengd både på strekninga Geiranger-Langevatn og over Trollstigen. I morgon blir det vurdert om vegane kan opnast igjen.

– Bilistane bør sko seg etter forholda og ta med seg litt ekstra pledd og klede i bilen, og vere budde på at det kan oppstå uføresette ting langs vegen, seier Kåre Berge, byggeleiar i Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Flaum har også stengd vegen mellom Klakegg og Fonn i Sunnfjord, og førte til omkøyring og treig trafikk på Nordlandet i Kristiansund.

– Det har vore ein våt dag, seier statsmeteorolog Halldis Berge.

Ho fortel at den verste nedbøren har gitt seg, men at enkelte byer vil halde fram utover natta og morgondagen.

FLAUM: Vassføringa er høg i elva Jølstra i Førde.

FOTO: Oddleif Løset/NRK