Hopp til innhold

Øverås klar for junior-EM

18 år gamle Jantsen Øverås frå Naustdal er no klar for junior-EM i vektløfting.

Jantsen Øverås

NYE REKORDAR: Jantsen Øverås er no klar for junior-EM i Israel.

Foto: Ola Bergheim

Under KM på heimebane i helga, sette han personlege rekordar i både rykk og støt.

– Han klarte 103 kilo i rykk og 125 kilo i støt, så han løfta det han skulle for å få bli med i EM, seier trenar Gunnar Reiakvam.

Tidlegare er det berre tre andre i vektløftarklubben Tambarskjelvar som har klart å kvalifisere seg til junior-EM. Reiakvam er imponert over nivået til Øverås.

Junior-EM blir arrangert i Eilat i Israel den første veka i desember. Men allereie neste helg er det nordisk meisterskap, der Øverås er favoritt til å vinne.

Ein annan som også skal dit er 17 år gamle Tore Gjøringbø som løftar i 85 kiloklassen.

– Han gjorde det også bra under KM i helga, med 112 i rykk og 142 kilo i støt, seier trenaren.