Hopp til innhold

Teresa kjem tilbake frå permisjon når dei polske arbeidarane er ute av karantene

HYLLESTAD (NRK): Hjørnesteinsbedrifta Havyard stablar seg på beina igjen. Løysinga blei å betale for 14 dagar med karanteneventing. Bransjeorganisasjonen vil korte ned karantenen.

Teresa Eikelid arbeidar på Havyard i Hyllestad

FULLTID: Teresa Eikelid er glad for å kome tilbake i full jobb i staden for dei to dagane i veka ho har fått arbeide sidan koronakrisa slo til for fullt.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Skipsverftet i Hyllestad har blitt hardt råka av koronapandemien. Då dei strenge tiltaka blei annonsert, sende dei mange av dei utanlandske arbeidarane heim. Dermed stoppa produksjonen nesten heilt opp, og dei måtte permittere.

Teresa Eikelid har jobba på verftet til Havyard sidan 2000. Ho er ansvarleg for at dei ulike produksjonane får alle delane dei treng.

Mars i år var andre gongen i karrieren ho fekk varsel om permisjon. I tida etter har ho berre fått gå på jobb 40 prosent, to dagar i veka.

– Det har vore stilt. Det har nesten ikkje vore nokon her i det heile tatt, seier Eikelid.

Produksjon på skipsverftet til Havyard i Hyllestad

I DOKK: Brønnbåten kom som eit heilt tomt skrog frå Tyrkia. No er det Havyard si oppgåve å gjere båten leveringsklar.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Vendepunkt

I samråd med smittevernslegen, bestemte Havyard seg for å hente tilbake utanlandsk arbeidskraft. Karantenetida på to veker kostar dyrt, men det var eit reknestykke dei måtte gå for. Dei må levere båtane slik dei har lova.

No kjem resultatet. Onsdag kom den første «bølga» av arbeidarar inn i produksjonen igjen. Det betyr at brønnbåten i dokk, og dei to ferjene som ligg til kai, kan jobbast med i ein skala dei ikkje har sett sidan før koronakrisa.

Stig Breidvik, produksjonsdirektør i Havyard i Hyllestad

OPTIMIST: Stig Breidvik har gått gradene gjennom heile produksjonslinja til Havyard i Hyllestad. No er han produksjonsdirektør.

Foto: Raymond Lidal / NRK

– Det er eit vendepunkt. No begynner me å trappe opp igjen, seier ein glad produksjonsdirektør, Stig Breidvik.

Det betyr også at Teresa Eikelid får kome tilbake att på fulltid på måndag. Ho er letta.

– Då begynner dei å bruke delar igjen, så då får eg også kome tilbake. Det blir veldig bra, seier ho.

Karantenekeisemd

Dei fleste som blei henta tilbake til den vesle bygda – først til karantene, så til produksjon – er frå Polen. Krzysztof Bohdan fekk til og med dobbel karantenedose.

– Då eg reiste frå Noreg, fekk eg to vekers karantene i Polen, så fekk eg ei veke med familien heime. Så blei det to nye veker med karantene her, ler han.

Han er avdelingssjef for røyr i Havyard Production. Han har gledd seg til å byrje å arbeide igjen; karantenetilværet var keisamt, og Netflix-katalogen har ein ende.

– Det er godt å vere tilbake, seier han.

Krzysztof Bohdan, avdelingssjef for røyr i Havyard Production

KARANTENE-LEI: Krzysztof Bohdan, avdelingssjef for røyr i Havyard Production, har kunna nyte naturen i ytre Sogn.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Vil ha ned karantenetida

Utanlandske arbeidarar som kjem for å jobbe i Noreg, må følgje dei korona-reglane som gjeld. Norsk Industri-sjef Stein Lier-Hansen forstår at det måtte vere slik i starten. No håpar han på endring.

– Karantenetida sløsar tid og kostar mykje pengar.

Lier-Hansen fortel at dei saman med Fellesforbundet har foreslått for regjeringa at karantenetida for utanlandske industriarbeidarar blir korta ned.

E24 skreiv sundag om Fitjar Mekaniske Verksted. Verftsdirektøren der, Hugo Strand, seier til avisa at han vil ha testing av dei utanlandske arbeidarane. Testar dei negativt på koronasmitte, så bør får dei sleppe karantenen, er hans forslag. Lier-Hansen er einig.

– Å teste folk raskt, og dermed fristille dei frå karantene, er vegen å gå, seier han.

Stein Lier-Hansen, administrerande direktør i Norsk Industri

VIL OPNE OPP: Stein Lier-Hansen, administrerande direktør i Norsk Industri, vil ha mjukare reglar for industriarbeidarane som kjem til Noreg for å jobbe.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix