Hopp til innhold

Kranglar om vegar der 200 er drepne eller skadde

På ni år er over 200 menneske drepne eller skadde på to europavegar aust og sør for Bergen. No kranglar politikarane om kva for ein av vegane som skal byggast på nytt.

Stor kollisjon på E16 med 8 biler involvert

FARLEG: Denne kjedekollisjonen mellom Bergen og Voss var i 2016.

Foto: Ingerid Jordal / Avisa Hordaland

Presisering: Tala for kostnadane Arna-Voss i denne artikkelen er tal frå 2014. Vegvesenet sine nyaste og mest nøyaktige tal syner ein kostnad for parsellen Arna-Stanghelle med veg og jernbane på 22 milliardar kroner. Dette er under halve strekninga mellom Arna og Voss.

– Altfor mange har mista livet på denne strekningen, sukkar ordførar i Voss, Hans-Erik Ringkjøb (Ap).

Han kjempar for ny E16 mellom Bergen og Voss. På deler av strekninga – mellom Arna og Voss – har 154 menneske blitt skadde eller drepne sidan 2010.

Talet på ulukker har vore eit kronargument i debatten i Vestland fylke om to av landets mest kostbare vegprosjekt.

  • Ny E16 (og ny jernbane) mellom Bergen og Voss i retning Oslo til 33 milliardar kroner.
  • Hordfast: Ferjefri E39 mellom Bergen og Stord i retning Stavanger til 38 milliardar kroner.

Førre veke kutta fleirtalspartia i fylkesutvalet ut E39 Hordfast frå sitt innspel til ny nasjonal transportplan (NTP), og gjekk inn for E16 Bergen-Voss. I ytste konsekvens kan fylket gå opp i liminga viss Sunnhordland går over til Rogaland i protest.

Også på E39 Stord-Os skjer det ulukker, men 54 drepne og skadde er berre tredjeparten så mange som på E16 Arna-Voss.

Til gjengjeld er ferjefri veg mellom Bergen og Stavanger ifylgje Vegvesenet eit av landets mest samfunnsøkonomisk lønsame vegprosjekt, sjølv om analysane er omstridd.

Arna til rundkøyring på Voss

År

Tal ulukker

Drepne/skadde

Drepne

Hard skadde

Lettare skadde

2010

11

20

2

6

12

2011

17

30

7

6

17

2012

13

25

0

4

21

2013

9

13

0

1

12

2014

7

17

1

6

10

2015

8

9

0

1

8

2016

11

12

1

2

9

2017

14

21

3

8

10

2018

6

7

2

1

4

Sum

96

154

16

35

103

Kjelde: Statens vegvesen

Ekspander/minimer faktaboks

Tala er frå rundkøyringa i Indre Arna til rundkøyringa på Voss. Frå 2010 til og med 2018. Vegvesenet har ikkje klar tal for 2019.

E39 Stord-Os rundkøyring

År

Tal ulukker

Drepne/skadde

Drepne

Hardt skadde

Lettare skadde

2010

11

17

2

1

14

2011

5

7

0

2

5

2012

6

6

0

0

6

2013

5

9

2

0

7

2014

4

4

0

1

3

2015

1

2

0

0

2

2016

4

4

0

0

4

2017

4

4

0

1

3

2018

1

1

0

1

0

Sum

41

54

4

6

44

Kjelde: Statens vegvesen

Ekspander/minimer faktaboks

Tala er frå sør på Stord, nordre munning til Bømlafjordtunnelen til rundkøyringa der ein svingar av mot Os sentrum. Frå 2010 til og med 2018. Vegvesenet har ikkje klar tal for 2019.

To heilt ulike strekningar

Direktør for trafikktryggleik i Statens vegvesen, Guro Ranes, seier ei av forklaringane på skilnaden i ulukker er at det mellom Stord og Os er vel 25 kilometer med vegbane, samt ei lang ferjestrekning. Mellom Voss og Arna er det 77 kilometer veg.

– Det er to svært ulike strekningar. På ferja skjer det naturleg nok ikkje trafikkulukker, seier Ranes.

Norges verste veg, E16 Bergen-Voss, Hordaland

NY VEG: Vegen mellom Bergen og Voss.

Foto: SYNNE GJUL WROLL-EVENSEN / NRK

Vil ha på plass E16 så raskt som råd

– Dette skal ikkje vere ei tevling om kven som har det verst, seier Ringkjøb.

Voss-ordføraren håpar at E16 mellom Bergen og Voss blir rusta opp så snart som råd.

– Vi må fyrst fikse det vi har, før ein skal bygge heilt nytt, seier han.

Vil bygge begge vegane

Varaordførar i Stord, Torbjørn Brosvik (KrF), ser annleis på det.

– Begge prosjekta er så viktige for trafikktryggleiken og for Vestland at dei må med i fylket sitt innspel til NTP, seier han.

Hordfast-bru over Bjørnafjorden (illustrasjon)

HORDFAST: Gigantbrua over Bjørnafjorden vil inklusiv nye vegar koste opp mot 38 milliardar kroner, der halvparten er bompengar

Foto: Statens Vegvesen

Statsministeren vil bygge Hordfast

Denne veka gjekk sjølv statsminister Erna Solberg ut og signaliserte at ho vil køyre over fylkestinget i Vestland. Til Bergens Tidende seier ho at det ville vere «ei stor ulukke» for Bergen om Hordfast ikkje blir bygd.

– Det er store avstandar, og vi treng eit sterkt Vestland, sa statsministeren til avisa.

Torbjørn Brosvik har i sosiale medium delt eldre tal frå Vegvesenet, som syner at ulukkestala mellom dei to strekningane er om lag like alvorlege.

Men Vegvesenet seier dei oppdaterte tala er dei rette fordi dei berre handlar om strekningane som skal byggast ut.

– Tala viser at det er ikkje ufarleg å køyre sørover heller, seier Brosvik.

– Liv og helse er like mykje verdt om det er aust eller sør for Bergen. Det er fornuftig å bygge å bygge både Hordfast og ny veg til Voss.